Rex justus

PODKAST: I Kongsspegelen vert borgarkrigane frå første halvdel av 1100-talet til første halvdel av 1200-talet framstilt som ei tid då det kom uår i folket slik at gode seder visna på rot. Lov og rett var eit middel for å unngå slikt elende for landet. Magnus Lagabøte presenterer i Landslova sjølv borgarkrigane som ein av grunnane til at det var behov for ny lovgiving. For ut av borgarkrigane vaks det eit nytt kongsideal – konge som rex justus som sikra undersåttane rettferd, fred og velstand. Men kva var borgarkrigane, kva var eigentleg dette nye kongsidealet, og korleis kom det til å fungere i praksis?

Lagapodden er produsert av Nasjonalbiblioteket. Musikk ved Øyonn Groven Myhren. Hør ei ny episode kvar onsdag.

Kanskje du også vil være interessert i disse historiene fra samlingen?