Tragedien i Rendalen

Illustrasjon av Abrahamforteljinga i Den rette Billed Bibel frå 1746, tilgjengeleg frå Nasjonalbibliotekets samlingar.

Ei trist historie om galskap, barnemord og korleis eit lokalmiljø på 1700-talet takla ein vanskeleg situasjon.

Oc der de komme til den sted / som Gud viste hannem / da bygde Abraham der it Altere / oc lagde veden der paa / oc bandt sin søn Isaac oc lagde hannem paa Alteret offuen paa veden / oc racte sin haand ud / oc grep sverdet / at hand vilde slagtet sin Søn. 

Christian IIIs Bibel, 1550

Rendalen, første halvdel av 1700-talet: På garden Akre sat ein mann innesperra i arresten. Mannen heitte Olav Tollefsen Fiskvik, og arresten var laga spesielt for han – der skulle han sitje sine dagar til ende for det fryktelege brotsverket han hadde gjort seg skuldig i.

Det var faren til Olav som skjøtta garden. Sjølv hadde Olav budd på Fiskvik ved Storsjøen, litt lenger sør, fram til 1721. Der hadde han levd saman med kona Siri Hansdatter, sonen Halvor, Siris dotter Eli frå eit tidlegare ekteskap, og tenestejenta Gjertrud.

Sommaren 1721 skjedde det som førte til at Olav vart innestengd i arresten. Det var takka vere lokalmiljøet at han ikkje måtte bøte med livet for det som hadde skjedd.

Ein plaga mann

Olav var ein plaga mann, det visste dei fleste. Han gjekk ofte med urolege tankar og greidde ikkje gjere stort med arbeid, utanom å setje garn i sjøen no og då. I periodar kunne han bli beint ut skremmande – då streifa han rundt i skogen og til bygdene i nærleiken. I desse periodane måtte han ofte førast heim med makt.

Olav verka korkje vond eller slem, men han var ofte stille og alvorleg.

Ein torsdag formiddag i juli 1721 sat Olav utfor huset og bøtte ei not. Siri og barna hadde nyleg vore ute i skogen og sanka bark som han kunne bruke til å sverte nota med.

Som han sat der kom dei tunge tankane til Olav, og han fekk for seg noko han i følgje han sjølv hadde tenkt fleire gongar sidan han var på ei gudstenest i kyrkja om våren nokre år tidlegare.

Olav sa til Siri at han trong meir bark til å bøte nota med, og at han ville ta med seg sonen, Halvor, ut i skogen. Siri svarte at dei jo nett hadde henta bark, men Olav meinte han ikkje var god nok, og at dei dessutan trong nokre emne til økseskaft.

Men Halvor var øm på beina etter førre turen, meinte Siri – han burde ikkje gå nokon plass. Halvor gret. Det fekk ikkje hjelpe, meinte Olav – Siri fekk setje sko på guten, så skulle han nok ikkje legge for tung ei bør på sonen.

Olav tok Halvor med til slipesteinen og bad han dra han så dei kunne slipe øksa. Siri meinte han var for tung for guten, så ho drog han sjølv medan Olav heldt øksa. Harald stod og såg på.

Så forsvann far og son inn i skogen.

Siri må ha sansa at noko var gale. Ho sendte Eli etter dei, men jenta kom springande  tilbake like etter og fortalde at Olav hadde jaga ho med øksa attende mot garden.

Etter ei lang stund kom Olav tilbake.

Han var aleine.

Siri spurte kvar barnet var. “Det gick igjen paa haugene”, svarte Olav.

Først forstod ikkje Siri. Så fortalde Olav: Han hadde drepe sonen med øksa.

“Vi blifver og vel sahlige… Vi blifver vel og Gudz børn”, sa Olav, og strakk armane ut mot kona. Men ho snudde seg vekk og kunne ikkje sjå på han.

Gjertrud og Olav gjekk inn i skogen att for å hente vesle Halvor. Gjertrud hadde sagt til Siri at ho burde bli igjen – ho kom ikkje til å tole synet.

Då dei kom fram, låg Halvor med hovudet ned på ein vedstabel. Gjertrud løfta guten opp i armane.

På Olavs forklaringar om at han hadde villa gje eit offer til Gud, svarte Gjertrud: “Herren begierer icke sligt brændoffer af ham”.

Då, endeleg, forstod Olav kva han hadde gjort. I motsetning til med Abraham, hadde ikkje Gud grepe inn – ingen engel hadde stansa handa hans før han slo sin eigen son ihjel. Det svartna for auga hans.*

Dei gjekk tause heimover. Gjertrud framfor med Halvor, Olav bak.

Rettssaka

Tre veker seinare vart rettssaka heldt. Olav hadde sete innesperra i ei bu på garden Akre medan familien hans snekra kiste til vesle Halvor utanfor. To av brørne hans hadde bore sonen til grava om lag ei veke etter det forferdelege som hende i skogen.

Det var Siri som først skulle vitne i saka, men ho greidde det ikkje – ho knakk saman. Gjertrud forklara seg først, og dagen etter makta Siri også å fortelje.

Etter at alle vitna hadde forklart seg, sa futen at han ikkje trong fleire bevis. Det einaste som mangla var ei tilståing frå Olav sjølv. Den gav han. Som ei avslutting på tilståinga bad Olav dei som høyrde på om å gje han den straffa han fortente – å skiljast frå verda, som han ikkje kunne krevje å leve lenger i.

Det var også straffa for drap etter Kong Christian 5.s norske lov. Men i dette høvet var ikkje futen sikker: Var det rett å halde Olav ansvarleg, var det rett at han skulle bøte med livet for ugjerninga?

Folket på tinget i Rendalen fortalde futen, som hadde bede dei om råd i saka, om Olavs omstende – om korleis Olav hadde vore uroleg til sinns, korleis han hadde streifa omkring i skogen og korleis det stod til på det fattigslege stykke jord han leigde på Fiskvik.

Familien hadde visst noko om Olav sin sinnstilstand, men kunne dei eigentleg lastast for at det gjekk så gale? Futen landa på at dødsstraff ikkje var naudsynt i dette høvet, og at ingen andre kunne lastast for tragedien. Men Olav måtte sperrast inne på livstid, det var futen klar på.

Og slik vart det. For at Siri skulle sleppe å ha ansvaret for ein fange, sin eigen mann, på den fattigslege garden, vart Olav dømd til å sperrast inne på garden Akre under oppsyn av sin far og sine brør.

Og der sat han til han døydde, 30 år seinare.

Formildande omstende på 1700-talet

Historikar Erling Sandmo har skreve historia om Olav Tollefsen Fiskvik i boka Mordernes forventninger: kriminalitetshistoriske essay. Noko av det han fann mest fascinerande med historia var korleis lokalmiljøet og futen sjølv kom fram til ein dom som ikkje primært skulle straffe, men som skulle løyse ein vanskeleg situasjon for lokalmiljøet.

– Ved å låse ham inne anerkjenner dei både at ugjerninga må straffast på eit eller anna vis, men dei har også funne ei løysing som gjer at Siri kan leve trygt og at lokalsamfunnet kan kome frå det med ein slags vyrdnad og balanse. Slik skulle ingen kunne bere nag til kvarandre meir enn nødvendig.

Sandmo kan fortelje at konseptet formildande omstende i rettsleg samanheng i denne perioden er nokså uvanleg å finne i historiske kjelder.

– Noko av det spektakulære ved denne historia er at dei anerkjenner sinnssjukdomen som reell, og at dei ser Olavs langvarige tungsinn og mangel på stabilitet i samanheng med handlingane hans og ikkje som ein augeblinksting, seier han.

Sandmo peikar på hendingane i Rendalen som eit godt døme frå norsk historie på domstolane som noko anna enn ein straffande instans.

– I utgangspunktet skulle jo ikkje domstolane straffe og ekskludere dei som hadde brote lova, men integrere dei så sant det var mogleg og få alle saka angjekk til å forsone seg med kvarandre. Det var og er ei betre og billigare løysing enn lange fengselsstraffer og avrettingar, seier han.

Kjelder: Mordernes forventninger: kriminalitetshistoriske essay, av Erling Sandmo; protokoll fra Solør og Østerdalen sorenskriveri, Gb tingbok 53 (13.11.1719 – 19.12.1721), tilgjengeleg på Statsarkivet i Hamar; Christian IIIs bibel, tilgjengeleg i Nasjonalbibliotekets samlinger; bilete frå Nasjonalbibliotekets samlinger.

*Beskrivingane er basert på forklaringane i protokollen for Solør og Østerdalen sorenskriveri.