Foredrag ved Ole-Albert Nordby.
Varar i 20 minutt.
I løpet av mellomalderen gjekk samfunnet gjennom store endringar i Noreg. Institusjonar som kyrkje- og kongemakta etablerte seg og vaks i både rikdom og posisjon. Ikkje minst kom boka og skriftkulturen til Noreg, og førte til at vi i dag har historiske kjelder som kan svare på nokon av dei spørsmåla vi måtte stille oss om denne perioden så langt attende i tid.
Korleis levde vanlege folk? Kva slags fellesskap var dei del av? Kor budde dei og kva arbeidde dei med?
Historikaren Ole-Albert Rønning Nordby fortel i dette foredraget om utvikling i både statsapparat og lokale fohold, kultur og økonomi i den norske mellomalderen.
DETTE LÆRER ELEVANE
- Reflektere over korleis fortida formar oss som menneske
- Utforske og reflektere over korleis fortida blir minna lokalt og nasjonalt
- Gjere greie for viktige endringar i korleis menneske har skaffa seg mat og brukt naturressursar, og vurdere tydinga av dette for menneske og eit berekraftig samfunn
- Skildre religionen si tyding for samfunns- og maktforhold frå mellomalderen til vår tid, og vurdere rolla hennar i menneske si sjølvoppfatning og syn på andre
- Presentere viktige demografiske endringar og vurdere årsaker til desse endringane og verknader av dei for menneske og samfunn
- Elevane skal reflektere over korleis mellomalderen blir framstilt i moderne populærkultur, og korleis desse framstillingane påverkar det vi trur vi veit om perioden.
- Elevane skal få ei grunnleggjande oversikt over korleis samfunnet i Noreg i mellomalderen var samansett og utvikla seg, med vekt på sosiale, politiske, økonomiske og kulturelle/religiøse forhold.
- Elevane skal bruke denne oversikta til å lage ei kreativ visuell framstilling av samfunnet i Noreg i mellomalderen.