ISSN Noreg

ISSN-logo

Eit ISSN er eit åttesifra nummer som blir brukt til å identifisere publikasjonar som blir gjevne ut periodisk, t.d. aviser, tidsskrift, bloggar osv., både trykte og elektroniske.

Det er innhaldet som avgjer om det skal tildelast ISSN eller ikkje, og ikkje kva for format publikasjonen kjem ut i.

ISSN (internasjonalt standardnummer for periodikum) blir tildelt av eit nettverk av nasjonale senter for ISSN som normalt er lokaliserte i nasjonalbibliotek. Nettverket er koordinert av det internasjonale ISSN-senteret i Paris. Dette senteret blei oppretta i ei semje mellom UNESCO og den franske regjeringa i 1974. Senteret held ved like ein database over alle ISSN i heile verda.