Tildeling av URN

Tildeling av URN omfattar oppretting av nye URN, kopling mot URL, og endring og sletting av URN-URL-koplingar.

Tildelinga kan skje på to måtar. URN kan tildelast enkeltpersonar eller institusjonar gjennom nettenesta til Nasjonalbiblioteket. Dette er den enklaste måten å få tildelt URN på, enkeltvis eller i mindre skala. Tildelinga kan også gjerast gjennom ein webservice med SOAP API. Avtale om bruk av URN-tenesta gjennom webservice må gjerast med Nasjonalbiblioteket i kvart enkelt tilfelle. Ta kontakt.

Reglar for tildeling av URN

Følgjande reglar gjeld for tildeling av URN innanfor namneromet URN:NBN:no-:

  • URN skal tildelast digitale dokument eller nettressursar som er rimeleg stabile og varige, samstundes som dei inneheld ein rimeleg grad av reell informasjon.
  • Kopiar av same nettressurs/dokument skal ha same URN. Dersom ein URN er kopla til fleire URL, må ein merkje ein av desse som prioritert.
  • Forskjellige versjonar av same nettressurs/dokument, t.d. i MS Word og HTML, skal ha kvar sin URN.
  • Digitale dokument/nettressursar som blir endra, skal berre tildelast ny URN dersom det intellektuelle innhaldet blir mykje endra. Ein treng ikkje ny URN ved redaksjonelle endringar, skifte av skrifttype og liknande. URN kan også tildelast nettstader med jamleg oppdatering.
  • Det skal ikkje delast ut fleire URN til same URL. Dersom dokumentet/nettressursen inneheld fleire delar (til dømes ein artikkel i eit tidsskrift), kan desse få eigne URN.
  • Digitale dokument som kvalifiserer for tildeling av ISBN, ISSN eller ISMN skal tildelast desse standardnumra. Om det er ønskjeleg, kan slike dokument i tillegg få URN, til dømes om det er behov for ei oppslagsteneste knytt til identifikatoren.

Om tildeling via webservice

Nasjonalbiblioteket har oppretta ein webservice som eit alternativt grensesnitt mot URN-tenesta. Webservice er ei effektiv og fleksibel løysing for institusjonar som har bruk for å leggje inn mange URN. Webserviceinngangen er også den beste løysinga for institusjonar som har eigne tenester for registrering og lagring av digitale dokument på nett, og som ønskjer å gje URN til desse dokumenta.
Grensesnittet er basert på SOAP API, og dei som ønskjer å bruke denne inngangen til ID-tenesta kan ta kontakt med Nasjonalbiblioteket for spesifikasjon av API-et, og tildeling av rettar til bruk av tenesta.
Ta gjerne kontakt for meir informasjon om tildeling av URN via webservice, og korleis ein kan ta i bruk seriar.

Om tildeling av seriar

Vi tildeler vanlegvis URN i forma URN:NBN:no-, men kan også tilby vidare underdeling i seriar. Dette tilbodet er for brukarar som ønskjer å tildele URN til svært mange digitale dokument eller nettressursar, og som kan garantere at koplingane mellom URN og URL blir haldne ved like. Ein URN med serie vil ha denne oppbygginga: URN:NBN:no-<serie>_<unik kode>
Den unike koden i URN med serie vil vanlegvis vere eit løpenummer som blir tildelt automatisk ved tildeling av ny URN. Vi opnar likevel for å bruke andre former for nummereringssystem eller identifikatorar i staden for løpenummer. Ein slik identifikator må vere garantert unik innanfor sin serie, og kan berre vere samansett av bokstavar (a-z) og/eller tall (0-9).
Døme: URN:NBN:no-UtgiverX_1234 eller URN:NBN:no-UtgiverZ_HKH55

Ved tildeling av ny URN med ein egen identifikator, blir eigaren av serien sjølv ansvarleg for å tildele ein riktig og garantert unik kode. Når ein ny serie blir oppretta, må det registrerast om serien skal ha unik kode i form av løpenummer eller ikkje. Seriar blir oppretta berre etter avtale med Nasjonalbiblioteket si URN-teneste og krev tildeling via webservice.