Mellomalderen i norsk historie

Besøket varar i 60 minutt, og består av omvising og undervisingsopplegg.
Omvisarar: Anna Kleiva, Vegard Sæle Nævdal og Bjørn Thore Solås
To viktige mellomalderobjekt er å finne i Nasjonalbiblioteket si utstilling Opplyst. Glimt frå ei kulturhistorie: Kvikne-psalteret frå 1100-talet, den eldste bevarte boka i Noreg, og den revolusjonerande lovboka Magnus Lagabøtes landslov, i ei utgåve frå 1300-talet.
Med utgangspunkt i desse bøkene, ser omvisinga nærare på epoken norsk mellomalder, endringane som kjem med reformasjonen og korleis mellomalderen forplantar seg i seinare norsk historie.
Under besøket deler vi klassa i to, og begge grupper får ei omvising og eit kort undervisningsopplegg. Undervisingsdelen vil fokusere på kjeldekritikk med utgangspunkt i ulike norske tekster frå mellomalderen.