Logg inn English

Døden oss i hælen går

Skole: Dorothe Engelbretsdatter

Omvisingstider

Veke 39: 22.-24. september

Veke 41: 6.-10. oktober

Veke 43: 20.-23. oktober

Veke 45: 3-7. november

Veke 47: 17.-21. november

Veke 49: 1.-5.desember

Fra kl.9-15. Besøket varar i 60 minutt, og består av omvising og undervisingsopplegg.

Omvisarar: Anna Kleiva, Vegard Sæle Nævdal og Bjørn Thore Solås

Opp gjennom historia har synet vårt på døden endra seg vesentleg. Dorothe Engelbretsdatter sin dødsmetaforikk på 1600-talet veks ut av eit samfunn med høg barnemortalitet, store krigar og sterk kristen tru. Når døden dukkar opp som innhald og estetikk i norsk black metal på 1990-talet handlar det meir om opprør mot eit trygt likskapssamfunn.

Denne omvisinga ser nærare på døden som symbol og tematikk i norsk kulturhistorie frå barokken til i dag. Vi vil også gå nærare inn på Dorothe Engelbretsdatter si kjende tekst Aftensalme.

Under besøket deler vi klassa i to, og begge grupper får ei omvising og eit kort undervisningsopplegg.

Andre omvisingar for skuleklasser