Logg inn English

Mellomalderen på 20 minutt

Foredrag ved Ole-Albert Nordby.
Varar i 20 minutt.

Dette digitale undervisningsopplegget består av foredrag og oppgåvesett med læringsressursar.

I løpet av mellomalderen gjekk samfunnet gjennom store endringar i Noreg. Institusjonar som kyrkje- og kongemakta etablerte seg og vaks i både rikdom og posisjon. Ikkje minst kom boka og skriftkulturen til Noreg, og førte til at vi i dag har historiske kjelder som kan svare på nokon av spørsmåla vi måtte stille oss om denne perioden så langt attende i tid.

Korleis levde vanlege folk? Kva slags fellesskap var dei del av? Kor budde dei og kva arbeidde dei med?

Historikaren Ole-Albert Rønning Nordby fortel i dette foredraget om utvikling i både statsapparat og lokale fohold, kultur og økonomi i den norske mellomalderen.