Vårprogram med lesesirkel, bunadsfest, norske filmskattar og glimt frå kulturhistoria

To kvinner på arrangement på Nasjonalbiblioteket som smiler
Foto: Gorm K. Gaare/Nasjonalbiblioteket

Lesesirkel om norske litteraturklassikarar, bunadsfest, kulturhistoria som kunstoppleving, norske filmskattar og festtalar til norske stereotypiar. Dette er noko av det du kan oppleve på Nasjonalbiblioteket på Solli plass denne våren, der Thor Gotaas, Nosizwe Baqwa, Gro Dahle, Niillas Aslaksen Somby, Marta Breen og Toril Moi er blant gjestane.

– Denne våren startar vi opp heilt nye arrangementskonsept der publikum får oppleve kulturhistoria på nye og spanande vis, fortel direktør for kulturformidling ved Nasjonalbiblioteket Eline Skaar Kleven. – Samstundes vidarefører vi kjende og populære konsept. Eit døme er bunadsfesten i mai, som spring ut frå den enormt populære handverksfestivalen vi arrangerte for første gong i november, seier Kleven.

Lesesirkel og folkemøte
I arrangementsrekkja Lesesirkel oppfordrast publikum til å lese utvalde bøker frå norsk litteraturkanon saman med dei ivrige lesehestane og kulturpersonane Gro Dahle, Amir Asgharnejad og Gunhild Dahlberg. Lesesirkelen møtest for første gong28. februar for å snakke om Haiene av Jens Bjørneboe, som Amir Asgharnejad har valt ut.

Er mennesket hundens beste ven? Med utgangspunkt i Noregs nye hundelov, reiser Nasjonalbiblioteket dette spørsmålet på sitt første folkemøte, torsdag 20. april. Filosofar og hundefolk møtest til ei open samtale med publikum om hundens kulturhistorie i Noreg og om det finst moralske utfordringar ved hundehald.

Glimt frå ei kulturhistorie
Den nye arrangementsserien «Glimt frå ei kulturhistorie» spring ut frå Nasjonalbibliotekets faste utstilling Opplyst og tretti gjenstandar med ei heilt særskild betydning for norsk kulturhistorie. På desse arrangementa får publikum kunstopplevingar som formidlar sterke kjensler, meiningar og idear knytt til nokre av desse objekta. Laurdag 18. mars kjem kunstnaren, joikaren og fotografen Niillas Aslaksen Somby og den samiske aktivisten, Bjarne Store-Jakobsen for å fortelje om kva dei kjempa for under Altaaksjonane. Joiken Máze, til bygda som stod i fare for å bli lagd under vatn, får publikum òg høyre – men den verdskjende artisten som framfører han er førebels ei overrasking.

Festtalar
I den uhøgtidlege foredragsserien Festtalar vil kjende og kunnskapsrike gjestar setje nokre av dei velbrukte stereotypiane våre under lupa. Korleis har dei oppstått, kven er desse typane, og kvifor elskar vi å harselere med dei?Først ute, 9. mars, er Thor Gotaas med si festtale til birkenmannen, og 11. mai held Marta Breen tale til sinnafeministen.

Gamle greier live
Nasjonalbiblioteket sin historiepodkast, «Gamle greier», gjentek suksessen og inviterer til nytt liveshow 27. april. Denne gongen med ei sterk historie frå andre verdskrigen som til dels fann stad i Nasjonalbibliotekets eigne lokale på Solli plass. Historia handlar om den jødiske svigerdottera til Bjørnstjerne Bjørnson, Eileen. Stumfilmpianist Kjetil Schjander Luhr toneset forteljingane som historikarane Live Vedeler Nilsen og Chris Nyborg deler. Programleiar er Lars Hammeren Risberg.

Ny sesong av «Gamle greier» er òg rett rundt hjørnet. 26. januar kjem nye episodar om alt frå heksebrenning i Finnmark til opprivande grautkrig i Christianias akademiske elite i 1860-åra.

Norske filmskattar
Filmane vi har elska, hata og referert til i fleire tiår, fortel oss mykje om norsk historie, samfunn og kultur. I serien «Norske filmskattar» ser vi gamle filmar med nye auge og snakkar om dei etterpå.

Allereie 19. januar kan du sjå Vibeke Løkkebergs debutfilm Åpenbaringen, som skapte rabalder då den kom på kino i 1977. Skodespelar Nosizwe Baqwa og forskar og forfattar Wencke Mühleisen kjem til Nasjonalbiblioteket for å snakke om filmen saman med filmvitar Ingrid S. Holtar og journalist og programleiar Emma Clare Gabrielsen, som er faste deltakarar i panelet.

I samband med ei utgjeving, står Bent Hamers Salmer fra kjøkkenet (2003) for tur 25. mai. Denne gongen er det forfattar og bygdekjennar Agnes Ravatn og komikar og filmstudent Ahmed Mamow som gjestar panelet.  

Tidens ånds salongar 
Ein fredag annankvar månad held den ferske kulturavisa Tidens ånd salong på Nasjonalbiblioteket. Salongen gir deg ein stad å henge og møte menneske som er opptatt av det same som deg, og ikkje minst – noko å prate om i sosiale lag. Årets første salong kjem fredag 3. februar, rett etter den kvite januarmånaden, og handlar om alkohol. Professor Runar Døving, essayist og journalist Ida Lødemel Tvedt, poet og kritikar Martin Svedman, poet og kritikar Endre Ruset og Vegar Tryggeseid belyser temaet på ulikt vis i løpet av kvelden.

Bunadsfest og siste runde om 1950-talet
I oppløpet til nasjonaldagen arrangerer Nasjonalbiblioteket laurdag 6. mai ein heil festdag til ære for bunaden – klesdrakta som vekkjer så sterke kjensler, som er så vakker og så latterleg kostbar. Denne dagen kan publikum få ekspertråd om korleis dei skal pusse sølja, sy inn og ut livet, eller berre stramme opp eit lausna broderi. Det blir verkstad i plattsaum, spørjetime, filmframsyning, rømmegraut, spekekjøt og raud saft.

1950-talet var det norske sosialdemokratiets mest fredelege og stabile periode. Men den tyske okkupasjonen var friskt i minne, og dei unge vaks opp med forteljingar om nordmenn som stolte og modige motstandsfolk, menn i mariusgenser med ski på beina. Dette idealet blei vesentleg for den norske sjølvforståinga. Korleis har ideane som vaks fram i Noreg i etterkrigstida verka inn i vår kultur?

Dei siste åra har litteraturprofessor Toril Moi undersøkt 1950-talets Noreg på jakt etter ei forståing av landet og tiåret ho sjølv blei født i. Onsdag 7. juni held ho det siste foredraget i serien.

Norsk svartmetall
Den 29. mars opnar Nasjonalbiblioteket utstillinga Dårlig stemning, om eit av dei mest særeigne kulturfenomena i nyare tid: norsk svartmetall. Musikksjangeren er blant dei mest kjende norske kulturuttrykka ute i verda. For mange verkar svartmetall likevel framand og skremmande, kanskje på grunn av det upolerte lydbiletet, den dramatiske sminka og dei mange sakene om kyrkjebrannar og drap tidleg på 1990-talet. Nasjonalbiblioteket byr i vår på eit breitt formidlingsprogram med arrangement og podkast knytt til utstillinga. Meir informasjon kjem i byrjinga av mars.

Det vil kome til fleire arrangement gjennom våren. Les meir om Nasjonalbibliotekets vårprogram her.

Nasjonalbiblioteket sine arrangement strøymast og er gratis, slik at dei er tilgjengelege for publikum over heile landet.