Logg inn English
Handverksfestival
13
sep

Teikn di eiga sjømannstatovering

Lørdag 13. september 2025, at 10:00 – 17:00
Nasjonalbibliotekbaren v/Credo
Gratis
Du treng ikkje billett

Kva skal skje?  

Open verkstad der du kan teikne sjømannstatoveringar.   
Svale, havfrue, hjarte eller anker. Sjømannstatoveringane har gjerne ei betydning knytt til beskyttelse mot drukningsdøden eller til lengt etter dei der heime. La deg inspirere til å teikne di eiga tatovering eller fargelegg etter strekane frå norske skissebøkene til sjømannstatovørar. Du kan ta med deg teiknearka heim – eller kanskje til ein tatovør?  

Kven møter du?   

Tor Ola Svennevig er tatovør og har skrive fleire bøker om sjømannstatoveringar. Han har teke i bruk historiske kjelder for å vise korleis tradisjonen kom til Noreg. Til handverksfestivalen har han plukka ut inspirerande skisser til gamle tatoveringar du kan teikne etter, og laga linesheets du kan fargeleggje. Få også med deg foredraget hans om tatoveringshistoria i Noreg.  

Når og kor? 

Fredag 12. september kl. 16–23 

Laurdag 13. September kl. 10–17 

Nasjonalbibliotekbaren, inngang frå Solli plass.  

Slik kjem du deg hit: Besøk Nasjonalbiblioteket.

Treng du billett?  
Arrangementet er gratis og du treng ikkje billett.  

Kva er Handverksfestivalen?   

Handverksfestivalen på Nasjonalbiblioteket er ein årleg festival som feirar den materielle kulturarven vår. Gjennom verkstader, panelsamtaler, foredrag og kunstopplevingar formidlar vi kunnskap om alt folk har laga med hendene i tidlegare tider. I år er temaet for festivalen havet. Ein viktig arbeidsplass, eit rikt matfat og ei kjelde til forteljingar, kunst og musikk. Vi byr på over tjue arrangement over to dagar. Sjå heile programmet her!

Mat og drikke

Du kan ta med deg mat og drikke inn på arrangementa.   

Credo gir publikum ved Nasjonalbiblioteket eit serveringstilbod forankra i norsk matkultur. I Nasjonalbibliotekbaren kan du nyte småmat og forfriskingar, og i løpet av hausten opnar bakeri, kantine og restaurant: https://www.nb.no/ombygging
Med kunnskap om og respekt for jorda og råvarene skaper Credo måltid der fortid, notid og framtid møtast.

Velkomen!