Sy i selskinn

Kva skal skje?
I denne verkstaden skal du få sy deg ein nøkkelring i handgarva selskinn. Selskinn har blitt nytta i sjøsamiske samfunn langt tilbake i tid, men stadig færre kan handverket som krevst for nytte seg av heile dyret etter slakt. Undervegs i verkstaden får du lære om den sjøsamiske historia samstundes som du får god rettleiing i arbeidet med å sy i det vakre skinnet.
Kven møter du?
Inga Elise Påve er førsteamanuensis i duodji ved Sami University of Applied Sciences – Sámi allaskuvla.
Når og kor?
Laurdag 13. September kl. 11 og kl. 15
Nasjonalbiblioteket, 2. etasje, inngang frå Solli plass.
Slik kjem du deg hit: Besøk Nasjonalbiblioteket
Treng du billett?
Verkstaden er gratis, men du må melde deg på for å sikre deg plass:
Laurdag kl. 11–13: Hent billett!
Laurdag kl. 15–17 Hent billett!
Oppmøte 10 minuttar før start. Påmeldinga er bindande.
Kva er Handverksfestivalen?
Handverksfestivalen på Nasjonalbiblioteket er ein årleg festival som feirar den materielle kulturarven vår. Gjennom verkstader, panelsamtaler, foredrag og kunstopplevingar formidlar vi kunnskap om alt folk har laga med hendene i tidlegare tider. I år er temaet for festivalen havet. Ein viktig arbeidsplass, eit rikt matfat og ei kjelde til forteljingar, kunst og musikk. Vi byr på over tjue arrangement over to dagar. Sjå heile programmet her.
Mat og drikke:
Du kan ta med deg mat og drikke inn på arrangementa.
Credo gir publikum ved Nasjonalbiblioteket eit serveringstilbod forankra i norsk matkultur. I Nasjonalbibliotekbaren kan du nyte småmat og forfriskingar, og i løpet av hausten opnar bakeri, kantine og restaurant: https://www.nb.no/ombygging
Med kunnskap om og respekt for jorda og råvarene skaper Credo måltid der fortid, notid og framtid møtast.
Velkomen!