Strikk og lytt: sjøvottar

Kva skal skje?
Strikk mens du lyttar til historia om vottane dei brukte på sjøen før i tida.
Norske fiskarbondekoner har strikka inn geiteragg, hestetagl eller menneskehår som forsterking i vottane for at fiskarane skulle halde hendene varme. Under dette foredraget kan du strikke dine eigne vottar, så langt du kjem. Det blir høve til å strikke inn ulike forsterkande materiale undervegs.
Kven møter du?
Line Iversen er konservator NMF og fagansvarleg for tekstil i Stiftinga Viti. Ho har skrive fleire artiklar om samlingane i musea, med utgangspunkt i gjenstandar, tradisjon og bruk. Ho har skrive boka Rett i garnet. Historien om fiskerens ullklær saman med Margareth Sandvik. Boka inneheld også nye strikkeoppskrifter basert på historiske kjelder. Margareth Sandvik er professor i norsk på Oslomet og har gitt ut ei rekkje strikkebøker.
Når og kor?
Laurdag kl. 10.30–12.00
Nasjonalbiblioteket, Målstova, inngang frå Solli plass.
Treng du billett?
Det er gratis og du treng ikkje billett. Her er det førstemann til mølla, og blir det fullt, strøymer vi til skjerm i Nasjonalbibliotekbaren.
Arrangementet strøymes også her.
Kva er Handverksfestivalen?
Handverksfestivalen på Nasjonalbiblioteket er ein årleg festival som feirar den materielle kulturarven vår. Gjennom verkstader, panelsamtaler, foredrag og kunstopplevingar formidlar vi kunnskap om alt folk har laga med hendene i tidlegare tider. I år er temaet for festivalen havet. Ein viktig arbeidsplass, eit rikt matfat og ei kjelde til forteljingar, kunst og musikk. Vi byr på over tjue arrangement over to dagar. Sjå heile programmet her.
Mat og drikke:
Du kan ta med deg mat og drikke inn på arrangementa.
Credo gir publikum ved Nasjonalbiblioteket eit serveringstilbod forankra i norsk matkultur. I Nasjonalbibliotekbaren kan du nyte småmat og forfriskingar, og i løpet av hausten opnar bakeri, kantine og restaurant: https://www.nb.no/ombygging
Med kunnskap om og respekt for jorda og råvarene skaper Credo måltid der fortid, notid og framtid møtast.
Velkomen!