Skarvane frå Utrøst og andre segner frå havet

Kva skal skje?
Skodespelar Gjertrud Jynge og lydkunstnar Hans Kristen Hyrve lagar ein stemningsfull forestilling om skjulte øyrike og huldrefolk i fugleham. Idéhistorikar Ellen Marie Krefting introduserer tekstane. Segnene om Skarvane frå Utrøst og Tuftefolket på Sandflesa er fulle av symbolikk, overtru og skildringar av det farefulle livet på havet. Eventyr om undersjøiske rike finst over heile verda, tenk berre på legenda om Atlantis.
Kven møter du?
Ellen Marie Krefting er idéhistorikar ved UiO og har vore leiar for forskingsprosjektet «Maritime moderniteter: havets kunnskapsformater».
Skodespelar Gjertrud Jynge har medverka i ei rekkje teaterframsyningar, filmar og tv-seriar og er knytt til Det Norske Teatret. Hans Kristen Hyrve er lydkunstnar, lyddesignar og musikar. Han arbeider med ulike podkastar og har skapt lyd for teater som Black Box og Nationaltheatret.
Når og kor?
Fredag 12. september kl. 20–21
Nasjonalbiblioteket, Målstova. Inngang frå Solli plass.
Slik kjem du deg hit: Besøk Nasjonalbiblioteket
Treng du billett?
Du treng ikkje billett, og arrangementet er gratis. Dørene opnar ein halvtime før start. Blir det fullt strøymer vi til storskjerm i Nasjonalbibliotekbaren.
Arrangementet blir også strøymt her.
Kva er Handverksfestivalen?
Handverksfestivalen på Nasjonalbiblioteket er ein årleg festival som feirar den materielle kulturarven vår. Gjennom verkstader, panelsamtaler, foredrag og kunstopplevingar formidlar vi kunnskap om alt folk har laga med hendene i tidlegare tider. I år er temaet for festivalen havet. Ein viktig arbeidsplass, eit rikt matfat og ei kjelde til forteljingar, kunst og musikk. Vi byr på over tjue arrangement over to dagar. Sjå heile programmet her.
Mat og drikke?
Du kan ta med deg mat og drikke inn på arrangementa.
Credo gir publikum ved Nasjonalbiblioteket eit serveringstilbod forankra i norsk matkultur. I Nasjonalbibliotekbaren kan du nyte småmat og forfriskingar, og i løpet av hausten opnar bakeri, kantine og restaurant: https://www.nb.no/ombygging
Med kunnskap om og respekt for jorda og råvarene skaper Credo måltid der fortid, notid og framtid møtast.
Velkomen!