Logg inn English
Handverksfestival
12
sep

Plantefiber blir til tau og trosser 

Fredag 12. september 2025, at 16:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket- Kantina v/CREDO
Gratis
Du treng ikkje billett

Kva skal skje?   

Open verkstad med reipslagar Ingunn Undrum som lagar tau på tradisjonelt vis.   

Ei reiparbane er ein verkstad der naturfibrar blir tvinna og slått til lange, sterke tau. Reiparbaner har vore eit vanleg syn i sjøfartsnasjonen Noreg, og prinsippa er dei same som i mellomalderen. Du kan få prøve sjølv og få lære om fibrar frå hamp, manila, kokos og jute.   

Kven møter du?   

Ingunn Undrum er ein av svært få reipslagarar i Noreg og er knytt til Hardanger Fartøyvernsenter. Ingunn har vore med på å gjenopplive fagutdanninga for reipslagarar og fekk Kulturminnefondets handverksstipend i 2016.    

Når og kor?   

Fredag 12. september kl. 16–20  

Laurdag 13. september kl. 10–17  

Nasjonalbiblioteket, inngang frå Solli plass.    

Slik kjem du deg hit: Besøk Nasjonalbiblioteket  

Treng du billett?   

Det er gratis og du treng ikkje billett.  

Kva er Handverksfestivalen?  

Handverksfestivalen på Nasjonalbiblioteket er ein årleg festival som feirar den materielle kulturarven vår. Gjennom verkstader, panelsamtaler, foredrag og kunstopplevingar formidlar vi kunnskap om alt folk har laga med hendene i tidlegare tider. I år er temaet for festivalen havet. Ein viktig arbeidsplass, eit rikt matfat og ei kjelde til forteljingar, kunst og musikk. Vi byr på over tjue arrangement over to dagar. Sjå heile programmet her!

Mat og drikke?  

Du kan ta med deg mat og drikke inn på arrangementa.
Credo driver kafé, bakeri og kantine på Nasjonalbiblioteket. Under handverksfestivalen serverer dei tradisjonsmat frå havet.