Logg inn English
Handverksfestival
13
sep

Lær deg å knyte makramé   

Lørdag 13. september 2025, at 10:00 – 13:00
Nasjonalbiblioteket – Slottsbiblioteket
Gratis
Bindande påmelding. Begrensa plass!

Kva skal skje?  

Verkstad med påmelding der du lærer å lage eit armband i makramé. Den same teknikken kan nyttast til å lage til dømes belte, oppheng til potteplantar og nett til fotballen. Sjøfolk har til alle tider sysla med tau og reip, også når dei har hatt fritid om bord. Tinga dei har laga, blei vakre gåver og nyttegjenstandar til dei som venta heime.      

Kven møter du?   

Redningsskøyteskipper, sjømann og barnevernspedagog Kai Jensen drog til sjøs som tenåring og kan over tusen knutar. På verkstaden går han gjennom det mest grunnleggjande for makraméteknikken og fortel korleis dette handverket har gått frå hand til hand over alle verdshava. 

Når og kor?   

Laurdag 13. September kl. 10 og kl. 14  

Nasjonalbiblioteket, 1. etasje, inngang frå Solli plass.   

Slik kjem du deg hit: Besøk Nasjonalbiblioteket

Treng du billett?   

Verkstaden er gratis, men du må melde deg på for å sikre deg plass:   

Laurdag kl. 10–13: Hent billett!

Laurdag kl. 14–17: Hent billett!

Oppmøte 10 minuttar før start. Påmelding er bindande. 

Kva er Handverksfestivalen?  

Handverksfestivalen på Nasjonalbiblioteket er ein årleg festival som feirar den materielle kulturarven vår. Gjennom verkstader, panelsamtaler, foredrag og kunstopplevingar formidlar vi kunnskap om alt folk har laga med hendene i tidlegare tider. I år er temaet for festivalen havet. Ein viktig arbeidsplass, eit rikt matfat og ei kjelde til forteljingar, kunst og musikk. Vi byr på over tjue arrangement over to dagar. Sjå heile programmet her!