• Beklager. Dette event har allerede funnet sted.

Konstruksjonen av Norden: Verdsmeistrar i likestilling

14. oktober kl. 19:00 - 20:00 Gratis inngang

Informasjon

Foredrag av Eirinn Larsen  

År etter år viser dei globale likestillingsindeksane det same – at dei fem nordiske landa er best på å jamne ut kjønnsforskjellar. Men korleis blei Norden  verdsmeister i likestilling? Kor likestilte er vi eigentleg? Og korleis blir likestilling brukt i den nasjonale og regionale merkevarebygginga av Norden?Eirinn Larsen, professor i historie ved Universitetet i Oslo, trekkjer i dette foredraget vekslar på historiske, transnasjonale og samtidige perspektiv for å forklare posisjonen til feminismen i Norden – i grenselandet mellom sivilsamfunn, stat og merkevare.  

Korleis blei vi Norden? Kvar kjem ideen om Norden frå, og kva er eigentleg det nordiske? I ein serie arrangement gjennom 2021 vil Nasjonalbiblioteket og den tverrfaglege forskingssatsinga UiO: Norden utforske ideen om den nordiske fellesskapen — frå mellomalderen og fram til i dag. Kva har historisk sett ført oss nærare naboane våre, og kva slags krefter og hendingar har trekt oss frå kvarandre? Kva har leia oss fram mot den nordiske modellen — med vekt på likskap, likestilling, velferd og tillit — og korleis står vi i Norden rusta til å møte utfordringane i samtida og framtida? Gjennom foredrag, samtalar og digital formidling vil serien ta opp dei store spørsmåla om Nordens fortid og framtid.     

***  

Arrangementet er gratis og ope for publikum i lokala til Nasjonalbiblioteket på Solli plass. Det er ikkje naudsynt med billett, men du kan sikre deg plass ved å bestille ein i forkant.   

Arrangementet blir strøymt direkte på nb.no og på Facebook. Du treng ikkje billett for å sjå den digitale sendinga.  

Eksternt arrangement

Mapping the Music of Migration

Man. 25. oktober kl.18:00
Gratis inngang
"Mapping the Music of Migration"

Eksternt arrangement

Middelalderens kropp. Med Christine Amadou og Hans Jacob Orning

Tir. 26. oktober kl.19:00
Gratis inngang
"Middelalderens kropp"

Eksternt arrangement

Jørn Øyrehagen Sunde om historikarens forventingar og dei historiske aktørane

Ons. 27. oktober kl.19:00
Gratis inngang
"Erling Sandmo-seminar: Spøkjelse på Helgeland og i Nordhordland"