Logg inn English
Handverksfestival
12
sep

Lær knopar og stikk du må kunne på havet

Fredag 12. september 2025, at 16:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket
Gratis
Du treng ikkje billett

Kva skal skje?   

Open verkstad der du lærer båtsmannsknop, pålestikk, halvstikk og andre knutar.   

Mange av knutane vi nyttar i dagleglivet, er heilt naudsynte på eit skip og til havs. Sjømann Kai Jensen lærer deg knopar og stikk sjøfolk må kunne. Du får teste kva dei ulike teknikkane kan nyttast til, og om du spør, får du òg lære korleis du frir ved hjelp av ein kjærleiksknute.  

Kven møter du?   

Kai Jensen har over tretti år bak seg som sjømann, blant anna som skipper på redningsskøyte. Han har sysla med knopar og stikk sidan han var tenåring og kan over tusen ulike variantar. Han held også verkstad i makramé på handverkfestivalen.  

Når og kor?  

Fredag 12. september kl. 16–20  

Nasjonalbiblioteket, inngang frå Solli plass.  

Slik kjem du deg hit: Besøk Nasjonalbiblioteket. 

Treng du billett?   

Det er gratis og du treng ikkje billett.  

Kva er Handverksfestivalen?  

Handverksfestivalen på Nasjonalbiblioteket er ein årleg festival som feirar den materielle kulturarven vår. Gjennom verkstader, panelsamtaler, foredrag og kunstopplevingar formidlar vi kunnskap om alt folk har laga med hendene i tidlegare tider. I år er temaet for festivalen havet. Ein viktig arbeidsplass, eit rikt matfat og ei kjelde til forteljingar, kunst og musikk. Vi byr på over tjue arrangement over to dagar. Sjå heile programmet her!