Kyrkja som frigjerar og undertrykkjar i mellomalderen


Kva skal skje?
Historieprofessorane Sigrun Høgetveit Berg og Anders Winroth møter historikar ved Nasjonalbiblioteket Ole‑Albert Rønning Nordby til ein samtale om kva rolle kyrkja hadde i Noreg i mellomalderen. I dag er Den norske kyrkja protestantisk, men i meir enn 500 år feira norske prestar og biskopar messe på latin og rapporterte til paven i Roma.
I lys av Nasjonalbiblioteket si nyomsetjing og utgjeving av Magnus Lagabøtes kristenrett og Sættargjerden i Tunsberg prøver vi å finne ut kva kyrkja betydde for vanlege kvinner og menn i Noreg i mellomalderen.
Kven møter du?
Sigrun Høgetveit Berg er professor i historie ved Universitetet i Tromsø og har forska mykje på tilhøvet mellom kyrkje, lov og eigedom i Noreg i mellomalderen.
Anders Winroth er professor i historie ved Universitetet i Oslo og ekspert på kyrkja sine lover og domstolar i Europa i mellomalderen.
Ole‑Albert Rønning Nordby er mellomalderhistorikar og arbeider ved Nasjonalbiblioteket.
Når og kor?
Tysdag 3. mars klokka 19 til 20.
Nasjonalbiblioteket, Målstova
Inngang frå Henrik Ibsens gate 110
Slik kjem du deg hit: Besøk Nasjonalbiblioteket.
Treng du billett?
Arrangementet er gratis, men du må ha billett for å sikre deg plass.
Billetten sikrar deg plass i Målstova eller i andre rom i huset der vi strøymer arrangementet direkte. Om det er fullt i hovudsalen, blir du vist til andre rom som strøymer arrangementet. Uavhenta plassar blir fristilte 10 minutt før arrangementsstart. Arrangementet startar presist
Strøyming av arrangementet?
Vi strøymer arrangementet HER, og opptaket ligg ute i 14 dagar HER.
Mat og drikke?
Credo gir publikum ved Nasjonalbiblioteket eit serveringstilbod forankra i norsk matkultur. Nasjonalbibliotekbaren, bakeriet og kantina tilbyr forfriskingar og smårettar og bakst.
Velkomen!