Jens Kraft, Noregs første filosof


Billettar: På grunn av smittevernreglane er det færre plassar til publikum, og vi ber alle om å hente gratisbillett på nb.no før arrangementa. Arrangementet blir strømma direkte.
Jens Kraft (1720–65) blei fødd i Norge under dansketida, og blei professor i filosofi og matematikk ved Sorø Akademi utanfor København – eit sentrum for opplysningstidas tenking i Danmark-Norge. Her skreiv han ei rekkje bøker og artiklar om alt frå antropologi til fysikk. Han deltok i ein skriftleg debatt om naturvitskapanes status, og han diskuterte tankane til mellom andre Descartes, Newton og Rousseau. Eksempelet Jens Kraft synar at det intellektuelle livet i Danmark-Noreg på 1700-tallet var på høgde med kva som rørte seg elles i Europa på same tid.
Gunnar Schrøder Kristiansen er idéhistorikar og jobbar som lektor i den vidaregåande skulen.
Denne hausten har vi færre plassar til publikum, i samsvar med dei gjeldande retningslinene for smittevern.
På grunn av mindre kapasitet og krava til smittesporing må ein hente gratisbillett på nb.no. Vi hentar inn informasjon om namn, e-post og telefonnummer, og vi slettar dataa ti dagar etter arrangementet. Dette er i tråd med FHIs retningsliner og EUs personvernforordning (GDPR). Informasjonen blir lagra i lukka arkiv og blir ikkje nytta til andre føremål enn ei eventuell smittesporing.
Hugs å melde frå om du likevel ikkje kan nytte gratisbilletten, slik at andre kan ha glede av plassen din.
Vi ber personar med luftvegssymptom eller andre symptom på covid-19, og personar som er i karantene eller isolasjon, om å følje arrangementet heimanfrå. Vi gler oss til å ta imot dykk. Vertskapet vårt visar publikum til plassane sine. Vi tilrår alle å komme i god tid før arrangementet startar.