8
okt

Høtt sa du? Dialektkonkurranse

Logo og bilde av deltagerne
Tirsdag 8. oktober 2019, at 19:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket – Målstova

Mellom fjell og fjordar har dei norske dialektane funne si form heilt sidan før norrøn tid. Korleis vi snakkar, seier noko om kven vi er, og kvar vi kjem frå. Vi har eit lidenskapeleg forhold til dialektane våre her i Noreg. På fredagar i 1980-åra sat vi klistra til TV-skjermen for å gjette oss fram til rett målføre i NRK-programmet «Har detpå tunga …».

For sjette gong blæs Nasjonalbiblioteket og Språkrådet liv i det talemålske konkurranseinstinktet. Linda Eide er programleiar, og Åse Wetås dommar. På kvart sitt lag skal dialektekspertane Anders Vaa og Brit Mæhlum, saman med redaksjonssjef for sakprosa i Gyldendal Cathrine Sandnes og programleiar Ingerid Stenvold, konkurrere mot kvarandre og publikum i kunnskapen om palatalisering, apokoper og kløyvd infinitiv.

Gratisbillettar er tilgjengelege på nb.no frå 24. september.

Arr.: Språkrådet og Nasjonalbiblioteket