9
sep

Høtt sa du?

Anders Vaa. Foto: Spartacus forlag. Liv Bernhoft Osa. Foto: Øyvind Eide. Ellen Horn. Foto: Jo Michael. Linda Eide. Foto: Spartacus forlag
Onsdag 9. september 2020, at 19:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket – Målstova

Dialektkonkurranse med Eide, Wetås, Vaa, Mæhlum, Osa og Horn

Billettar: På grunn av smittevernreglane er det færre plassar til publikum, og vi ber alle om å hente gratisbillett på nb.no før arrangementa. Arrangementet blir strømma direkte på facebook og nb.no.

Mellom fjell og fjordar har dei norske dialektane funne si form heilt sidan før norrøn tid. Korleis vi snakkar, seier noko om kven vi er, og kvar vi kjem frå. Vi har eit lidenskapeleg forhold til dialektane våre her i Noreg. På fredagar i 1980-åra sat vi klistra til tv-skjermen for å gjette oss fram til rett målføre i NRK-programmet «Har det på tunga …». For åttande gong blæs Nasjonalbiblioteket og Språkrådet liv i dette talemålske konkurranseinstinktet. Linda Eide er programleiar, og Åse Wetås dommar. På kvart sitt lag skal dialektekspertane Anders Vaa og Brit Mæhlum, saman med skodespelar Liv Bernhoft Osa og skodespelar og tidlegare kulturminister Ellen Horn, konkurrere mot kvarandre og publikum i å vite mest om palatalisering, apokope og kløyvd infinitiv.

Arr.: Språkrådet og Nasjonalbiblioteket

 Informasjon om smittevern:

Denne hausten har vi færre plassar til publikum, i samsvar med dei gjeldande retningslinene for smittevern.

 På grunn av mindre kapasitet og krava til smittesporing må ein hente gratisbillett på nb.no. Vi hentar inn informasjon om namn, e-post og telefonnummer, og vi slettar dataa ti dagar etter arrangementet. Dette er i tråd med FHIs retningsliner og EUs personvernforordning (GDPR). Informasjonen blir lagra i lukka arkiv og blir ikkje nytta til andre føremål enn ei eventuell smittesporing.

 Hugs å melde frå om du likevel ikkje kan nytte gratisbilletten, slik at andre kan ha glede av plassen din.

 Vi ber personar med luftvegssymptom eller andre symptom på covid-19, og personar som er i karantene eller isolasjon, om å følje arrangementet heimanfrå. Vi gler oss til å ta imot dykk. Vertskapet vårt visar publikum til plassane sine. Vi tilrår alle å komme i god tid før arrangementet startar.