Gunvor Hofmo 100 år

Hofmos prosa

30. september kl. 19:00 - 20:00 Gratis inngang

Informasjon

Amund Børdahl, Sissel Furuseth og Kaja Schjerven Mollerin 

På grunn av smittevernreglane er det ei avgrensa mengde plassar, og vi oppfordrar alle til å hente gratisbillett før arrangementet på nb.no. Billettane blir lagt ut 23. september, kl. 08.00. Dette gjeld for fysisk oppmøte. Arrangementet blir også strøymt direkte på Facebook og nb.no. Lenka blir lagt ut i forkant av arrangementet. Her treng du ikkje billett. 

Våren 1948 sto Gunvor Hofmos artikkel «Ruth Maier» på trykk i tidsskriftet Vinduet, ein tekst om kjærasten og tvillingsjela Ruth. «Skulle man karakterisere henne med ett ord måtte det bli: medmennesket!», skriv Gunvor. Ruth var austerriksk jøde og flykta til Noreg som attenåring. Natt til 26. november 1942 blei ho arrestert, dagen etter deportert med lasteskipet Donau, og drepen i gasskammera i Auschwitz. 

Tre år før, i 1945, skreiv Hofmo artikkelen «Litt om kinesisk lyrikk», publisert i Vårt Blad under pseudonymet Asle Jord. Om Ly-y-Han, ein kvinneleg lyrikar ho sette høgt, skriv ho: «Ulykkelig kjærlighet gjorde henne til dikter. Hver strofe dirrer av lidenskap og fortvilelse. […] Men hun frigjør seg ikke fra sin ulykkelige kjærlighet. Tvert om. Hun klynger seg til den i vill lidenskap». 

Dei to tekstene er tankevekkande i seg sjølv, men gir også lesaren ein inngang til den eigenarta prosaen Gunvor Hofmo skreiv. Kanskje også poesien hennar? Professor i litteraturvitskap ved UiO, Sissel Furuseth, og lektor i filosofi og retorikk ved UiB, Amund Børdahl, møter Kaja Schjerven Mollerin til samtale. 

 

JA ER DET KORTESTE ORDET I VERDEN
I år ville Gunvor Hofmo fylt 100 år. I utstillinga «Ja er det korteste ordet i verden» ser Nasjonalbiblioteket nærare på denne forfattarskapen, som er blitt ståande som ein av dei fremste norske forfattarskapane i det tjuande århundret. Sju dikt – nokre mindre kjende enn andre – blir løfta fram i utstillinga og skaper inngangar til ulike sider ved Hofmos liv og verk. I ei rekke arrangement utover hausten ser vi også på kva spor ho har etterlate seg i litteraturen, og på korleis dei nedskrivne erfaringane hennar om sorg, angst, kjærleik, einsemd og livskraft framleis maktar å rykke lesaren ut av det vante og kvardagslege.   

 

BILLETTAR:  

Du kan bestille opptil fire billettar.  Når du melder deg på, samtykkjer du til at kontaktinformasjonen blir lagra i inntil 14 dagar etter arrangementet. Informasjonen vil berre bli delt dersom det blir behov for smittesporing i etterkant. Viss du har tatt ut billettar på vegne av andre, er du ansvarleg for å formidle informasjon om eventuell smittesporing. 

Viss du ikkje har høve til å bruke éin eller fleire av billettane dine, meld ifrå tilinformasjon@nb.noeller ring 23 27 61 01 slik at nokon andre kan få glede av plassen. 

 

SMITTEVERN: 

I tråd med smittevernreglane til Oslo kommune er det ei avgrensa mengde plassar på arrangementa våre. Alle som deltek, må vere registrert med namn og kontaktinformasjon i tilfelle smittesporing skulle bli nødvendig i etterkant. 

– Hald deg heime viss du har symptom på covid-19 eller om du er i karantene.
– Hald minst ein meter avstand til alle som ikkje er i din eigen husstand eller kohort.
– Praktiser god hand-/hostehygiene. Handsprit vil vere tilgjengeleg ved innslepp.
– Vi oppfordrar alle gjestane våre til å laste ned FHIs Smittestopp. Les meir om appen HER.

Arrangement

Konstruksjonen av Norden: Natursyn

Man. 27. september kl.19:00
Gratis inngang
"Konstruksjonen av Norden: Natursyn"

eksternt arrangement

Erling Sandmo-seminar: Hvem var Horla?

Tir. 28. september kl.19:00
Gratis inngang
"Erling Sandmo-seminar: Hvem var Horla?"

Fagseminar

Lokalhistorie i hundre år

Lør. 2. oktober kl.10:00
Digitalt arrangement
"Lokalhistorie i hundre år"