Fagseminar
5
okt

Han teikna «skyer» på sola

Carl Fredrik Fearnley. Foto: Ludwik Szacinski de Ravics . Eigar: Oslo Museum
Tirsdag 5. oktober 2021, at 13:00 – 15:00
Nasjonalbiblioteket – Store Auditorium

Oddbjørn Engvold om astronomen Carl Fredrik Fearnley 

Carl Fredrik Fearnley tok over etter Christopher Hansteen som leiar for Observatoriet i Christiania i 1861.  Fram til han døydde i 1890 var han ein aktiv deltakar i det internasjonale astronomiske forskingsmiljøet, og gjennomførte ei rekke astronomiske observasjonar og vitskapelege studiar. I åra 1871 til 1873 studerte han protuberansane til sola (raude skyliknande formasjonar i solatmosfæren) ved hjelp av spektrohelioskop. Fearnley teikna observasjonane sine med farga kritt på svart papir. Desse teikningane finst bevarte i Nasjonalbiblioteket, og viser til fulle både talentet hans som teiknar og som observerande vitskapsmann.  

Oddbjørn Engvold er professor emeritus i teoretisk astrofysikk ved Universitetet i Oslo 

***

Arrangementet er ope for publikum i lokala til Nasjonalbiblioteket på Solli plass. Det er ikkje naudsynt med billett, men du kan sikre deg plass ved å bestille ein i forkant. Elles er det først til mølla når dørene opnar.

Viss du ikkje har høve til å bruke éin eller fleire av billettane dine, meld ifrå tilinformasjon@nb.noeller ring 23 27 61 01 slik at nokon andre kan få glede av plassen. 

Arrangementet blir strøymt direkte på nb.no. Du treng ikkje hente billett for å se den digitale sendinga.

Vi ønskjer at du held deg heime viss du har symptom på covid-19.
Hugs god hand-/hostehygiene, og ta omsyn til dei rundt deg.