Logg inn English
Arrangement
22
apr

Gards- og slektshistorie — ein snarveg til slektstreet

Bondefamilie frå Bergens omland, ca. 1860—1870. Foto: Marcus Selmer. Eigar: Nasjonalbiblioteket
Bondefamilie frå Bergens omland, ca. 1860—1870. Foto: Marcus Selmer. Eigar: Nasjonalbiblioteket
Torsdag 22. april 2021, kl. 14:00 – 15:00

Dette er eit digitalt arrangement. Arrangementet kan følges  i Zoom eller på YouTube.

Store deler av landet er dekt av bandtunge gards- og slektshistorieverk, og dei fleste kan ein nå finne digitalt på Nettbiblioteket. Vi har i et tidlegare arrangement sett på korleis ein finn fram i Nasjonalbiblioteket sin digitale samling. Denne gongen skal vi gå djupare inn i korleis gards- og slektshistoria kan hjelpe oss å finne fram til forfedrane våre, og korleis bøkene kan leie oss fram til andre kjelder.