Arrangement
27
apr

Gamle greier live

To menn og en kvinne i en samtale på en scene
Chris Nyborg, Live Vedeler Nilsen og Lars Hammeren Risberg. Foto: Gorm K. Gaare
Torsdag 27. april 2023, at 19:00 – 20:30
Nasjonalbiblioteket – Målstova

Nasjonalbibliotekets historiepodkast, «Gamle greier», gjentek suksessen og inviterer til liveshow i vakre Målstova. 

Historiene du skal få høyre er begge frå 1800-talet og var store snakkisar i sin samtid. Den eine handlar om ei reise over Atlanterhavet som gjekk forferdeleg gale, og kva dei om bord måtte gjere for å overleve. Den andre er ei skikkeleg røvarhistorie om ein mann som vart kalla Appelsin-Herman, som hamna i den eine merkelege situasjonen etter den andre i sin jakt på rikdom.

På scenen: Historikarane Live Vedeler Nilsen, Chris Nyborg og programleiar Lars Hammeren Risberg.

Du treng ikkje billett, men møt opp i god tid om du vil sikre deg plass. Dørene opnar 30 minutt før, og Kafé Å er open – velkommen!