Digitalt arrangment
28
okt

Flukta til erkebiskopen

Torsdag 28. oktober 2021, at 19:00 – 20:00

Jørn Øyrehagen Sunde i samtale med Louis Sicking

Arrangementet blir berre sendt digitalt. Lenkje til sendinga blir lagt ut på nb.no og Facebook i forkant. 

I 1537 blei erkebiskopen i Nidaros, Olav Engelbrektsson, tvinga av den danske kongemakta til å flykte frå Noreg. Bak seg la han ein dramatisk kamp mot reformasjonen og for norsk sjølvstende under ein katolsk konge. Før han rømte landet, pakka han og følgjet hans med seg viktige dokument og skattar frå Nidaros som skulle skape diplomatisk kniving, rettssaker og eit uløyst mysterium. Eitt år etter, døyr erkebiskopen i Nederland.  

Desse hendingane fann stad midt i ein avgjerande epoke i norsk historie, men likevel er det framleis mykje vi ikkje veit om erkebiskopen si flukt og tida hans i eksil. I boka De bijl van Sint-Olav (omsett St. Olavs øks) har den nederlandske historikaren Louis Sicking gjennom eit omfattande arkivarbeid, avdekt nye detaljar og historiske funn. No møter han professor i rettshistorie Jørn Øyrehagen Sunde til samtale. 

Professor Sunde innleier på norsk. Sjølve samtalen går føre seg på engelsk, teksta på norsk.

Professor Sunde will hold an introduction in Norwegian. The conversation will be in English, with Norwegian subtitles.