Logg inn English
Handverksfestival
12
sep

Fiskerøyking på gamlemåten 

Fredag 12. september 2025, at 16:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket – uteområdet
Gratis
Du treng ikkje billett

Kva skal skje? 
Opplev korleis dei varmrøykte fisk i gamledagar. Lite luktar og smakar like godt som fisk som nett har godgjort seg over varm røyk. Få med deg når Credo røyker makrell utanfor Nasjonalbiblioteket. Det blir smakebitar heile dagen, så lenge det rekk. 

Kven møter du? 
Credo er ei matverksemd leia av kokken Heidi Bjerkan, med røter i berekraft, lokal matkultur og norsk tradisjon. Dei held til på Nasjonalbiblioteket, der mat blir formidla som kultur gjennom måltid skapte med respekt for jorda og råvarene. 
 

Når og kor?  

Fredag 12. september kl. 16–20  

Laurdag 13. september kl. 10–15  

Nasjonalbiblioteket, uteområdet ved Solli plass.   
Slik kjem du deg hit: Besøk Nasjonalbiblioteket

Treng du billett?   

Det er gratis og du treng ikkje billett.  

Kva er Handverksfestivalen?  

Handverksfestivalen på Nasjonalbiblioteket er ein årleg festival som feirar den materielle kulturarven vår. Gjennom verkstader, panelsamtaler, foredrag og kunstopplevingar formidlar vi kunnskap om alt folk har laga med hendene i tidlegare tider. I år er temaet for festivalen havet. Ein viktig arbeidsplass, eit rikt matfat og ei kjelde til forteljingar, kunst og musikk. Vi byr på over tjue arrangement over to dagar. Sjå heile programmet her!

Du kan ta med deg mat og drikke inn på arrangementa.   

Credo gir publikum ved Nasjonalbiblioteket eit serveringstilbod forankra i norsk matkultur. I Nasjonalbibliotekbaren kan du nyte småmat og forfriskingar, og i løpet av hausten opnar bakeri, kantine og restaurant: https://www.nb.no/ombygging
Med kunnskap om og respekt for jorda og råvarene skaper Credo måltid der fortid, notid og framtid møtast.