Filmar om havet

Kva skal skje?
I anledning handverksfestivalen visar vi ei rekke dokumentarfilmar om livet på havet, frå Nasjonalbibliotekets arkiv.
Filmar:
Segling med Romsdalsfæring (1983)
Hvalfangst (ca. 1915)
Rensking av fersk sild (1948)
Nordfjordbåt (1976)
Klippfisk (1924)
Storsildfiske ved Ålesund (1914)
Med Langevåg på Sildefiske (ca. 1914)
Når og kor?
Fredag 12. september kl. 16–23.
Laurdag 13. September kl. 10–17
Nasjonalbiblioteket, 2. etasje, inngang frå Solli plass.
Slik kjem du deg hit: Besøk Nasjonalbiblioteket.
Treng du billett?
Arrangementet er gratis og du treng ikkje billett.
Kva er Handverksfestivalen?
Handverksfestivalen på Nasjonalbiblioteket er ein årleg festival som feirar den materielle kulturarven vår. Gjennom verkstader, panelsamtaler, foredrag og kunstopplevingar formidlar vi kunnskap om alt folk har laga med hendene i tidlegare tider. I år er temaet for festivalen havet. Ein viktig arbeidsplass, eit rikt matfat og ei kjelde til forteljingar, kunst og musikk. Vi byr på over tjue arrangement over to dagar. Sjå heile programmet her!
Mat og drikke:
Du kan ta med deg mat og drikke inn på arrangementa.
Credo gir publikum ved Nasjonalbiblioteket eit serveringstilbod forankra i norsk matkultur. I Nasjonalbibliotekbaren kan du nyte småmat og forfriskingar, og i løpet av hausten opnar bakeri, kantine og restaurant: https://www.nb.no/ombygging
Med kunnskap om og respekt for jorda og råvarene skaper Credo måltid der fortid, notid og framtid møtast.
Velkomen!