Etande foredrag: tørrfisk!

Kva skal skje?
Du får ei historisk innføring i tørrfiskhistoria, med smakebitar undervegs. Heilt tilbake til mellomalderen har vi hengt torsken til tørk langs kysten i Noreg, og fisken er ei viktig vare som har knytt oss til mange stader i verda. Du får smake ulike måtar tørrfisk har vert nytta på i tidlegare tider og i dag, laga av kokkane ved Credo.
Kven møter du?
Einar Stamnes har bakgrunn innanfor historie, journalistikk og kulturarv og var medredaktør i boka Tørrfisk. Kystkultur, kokekunst, Querini (Orkana 2018, ny utgåve 2024). Han jobbar i dag som spesialrådgivar ved Norsk handverksinstitutt på Maihaugen på Lillehammer.
Credo, er ein prisvinnande restaurant som tidligere har fått både Michelin-stjerne og michelinguidens bærekraftpris. No held Credo til i Oslo og bringer norsk matkultur til Nasjonalbiblioteket .
Når og kor?
Laurdag 13. september kl. 13–14
Nasjonalbiblioteket, inngang frå Solli plass.
Slik kjem du deg hit: Besøk Nasjonalbiblioteket
Treng du billett?
Det er gratis og du treng ikkje billett. Her er det førstemann til mølla.
Kva er Handverksfestivalen?
Handverksfestivalen på Nasjonalbiblioteket er ein årleg festival som feirar den materielle kulturarven vår. Gjennom verkstader, panelsamtaler, foredrag og kunstopplevingar formidlar vi kunnskap om alt folk har laga med hendene i tidlegare tider. I år er temaet for festivalen havet. Ein viktig arbeidsplass, eit rikt matfat og ei kjelde til forteljingar, kunst og musikk. Vi byr på over tjue arrangement over to dagar. Sjå heile programmet her!
Mat og drikke:
Du kan ta med deg mat og drikke inn på arrangementa.
Credo gir publikum ved Nasjonalbiblioteket eit serveringstilbod forankra i norsk matkultur. I Nasjonalbibliotekbaren kan du nyte småmat og forfriskingar, og i løpet av hausten opnar bakeri, kantine og restaurant: https://www.nb.no/ombygging
Med kunnskap om og respekt for jorda og råvarene skaper Credo måltid der fortid, notid og framtid møtast.
Velkomen!