Arrangement
21
okt

Edvard Grieg: Klaverkonsert i a-moll

Portrett av Edvard Grieg, ca. 1870. Fotograf: Claus Knudsen (Christiania)
Onsdag 21. oktober 2020, at 14:30 – 16:00
Nasjonalbiblioteket – Slottsbiblioteket

Billettar: På grunn av smittevernreglar er det eit mindre antall plassar, og alle må hente gratisbillett i forkant av arrangementer på nb.no. Du kan kombinere arrangementet med ein omvising i utstillinga Opplyst kl. 14 (påmelding til omvising  finner du her).

«Eit Noreg i miniatyr», har Edvard Griegs klaverkonsert i a-moll (op. 16) blitt kalla. Konserten, som blei komponert i 1868 og uroppført i Tivoli i København i 1869, er ein av verdas mest spilte klaverkonsertar. Grieg var den leiande skikkelsen i norsk musikkliv i siste del av 1800-talet, og han er Noregs mest kjende komponist både her heime og i utlandet. Tidlegare forskingsbibliotekar ved Nasjonalbiblioteket, Øyvind Norheim, vil saman med forskingsbibliotekar Anne Jorunn Kydland presentere manuskriptet og vise fram materiale som kastar lys over konserten.

I serien «Opplyst – objekt for objekt» ser vi nærmare på dei einskilde objekta i Nasjonalbibliotekets nye faste utstilling. Den utvalde gjenstanden for månaden blir presentert av ein fagekspert, som også visar fram tilhøyrande materiale.

 

Informasjon om smittevern:

Denne hausten har vi færre plassar til publikum, i samsvar med dei gjeldande retningslinene for smittevern.

På grunn av mindre kapasitet og krava til smittesporing må ein hente gratisbillett på nb.no. Vi hentar inn informasjon om namn, e-post og telefonnummer, og vi slettar dataa ti dagar etter arrangementet. Dette er i tråd med FHIs retningsliner og EUs personvernforordning (GDPR). Informasjonen blir lagra i lukka arkiv og blir ikkje nytta til andre føremål enn ei eventuell smittesporing.

Hugs å melde frå om du likevel ikkje kan nytte gratisbilletten, slik at andre kan ha glede av plassen din.

Vi ber personar med luftvegssymptom eller andre symptom på covid-19, og personar som er i karantene eller isolasjon, om å følje arrangementet heimanfrå. Vi gler oss til å ta imot dykk. Vertskapet vårt visar publikum til plassane sine. Vi tilrår alle å komme i god tid før arrangementet startar.