14
mai

Dyr, natur og byar i utvikling. Fagseminar med føredrag, miniutstilling og samtale

Bilde av hund som drikker fra fontene
FOTO: Henriksen & Steen, 1935 (utsnitt)
Tirsdag 14. mai 2019, at 14:00 – 16:00
Nasjonalbiblioteket

Ville og tamme dyr har saman med planter og tre til alle tider vore del av urbane transformasjonsprosessar som veks fram organisk eller er styrte av menneske.

Bilete, kart og planteikningar er viktige verktøy i kunnskapsproduksjon og formidling av desse prosessane.

I føredraget «Spurv og hestepærer. Dyreliv i Kristiania i anden halvdel av 1800-tallet.» ser etnolog og professor emerita Liv Emma Thorsen, UiO nærare på korleis dyr prega den norske hovudstaden mot slutten av 1800-talet.

Professor Elin Børrud ved NMBU er arkitekt og byplanleggjar. Under tittelen «Kultur + natur = en by å leve i» diskuterer ho kva for plass flora og fauna har i by- og eigedomsutvikling i dag.

Arrangementet er del av fagseminarserien «Bilder som kilder».