Databasar over inkunablar og eldre bøker. Bokhistorisk workshop

23. mai kl. 09:30 - 12:00 Gratis inngang

Informasjon

Marian Lefferts frå The Consortium of European Research Libraries (CERL) arbeider med å gjere tilgjengeleg og formidle ressursar og ekspertise i europeiske forskingsbibliotek til forskarar og andre interesserte. I denne workshopen demonstrerer ho korleis databasar over inkunablar og andre eldre bøker, i tillegg til det nye digitale proveniensarkivet, kan brukast i bokhistorisk arbeid.

Arrangementet går føre seg på engelsk.