Logg inn English
Fosseforedraget
20
apr

Bibelforteljingar i litteraturen

Mandag 20. april 2026, kl. 18:00 – 19:00
Nasjonalbiblioteket – Målstova
Gratis

Kva skal skje?  
Forfattar Olaug Nilssen, teolog Ragnar Misje Bergem og kritikar Merete Røsvik varmar opp til Fosseforedraget, som i år skal haldast av den amerikanske forfattaren Marilynne Robinson. Panelet møtest for å diskutere dei store kristne forteljingane om offer, nåde og sanning. Det er motiv som går igjen hos Marilynne Robinson, Jon Fosse og stadig fleire samtidsforfattarar. Lars Petter Sveen, kulturredaktør i Vårt Land, leier samtalen. 

Fosseprisen for omsetjarar og Fosseforedraget blei oppretta av regjeringa for å heidre nobelprisvinnar i litteratur Jon Fosse. Fosseforedraget blir halde kvar april av ein internasjonal forfattar, dramatikar, akademikar eller intellektuell som har gjort ein særleg innsats for å fremje forståinga av, eller formidlinga av, litteratur på verdsbasis. Fosseprisen går til ein omsetjar som over tid har arbeidd med å omsetje norsk litteratur til andre språk.  

Kven møter du?  

Olaug Nilssen er forfattar og vaks opp i ein kristen heim. Ho har brukt både bibelske namn og motiv i sine bøker, til dømes i Yt etter evne, få etter behov frå 2020.  

Merete Røsvik er litteraturkritikar i Klassekampen og tidlegare redaktør i Prosa. Ho arbeider for tida med religiøse erfaringar i nyare litteratur, med stipend frå Fritt Ord.  

Ragnar Misje Bergem er teolog og førsteamanuensis ved MF vitenskapelig høyskole. Han verkar òg som kritikar og skribent.  

Lars Petter Sveen er kulturredaktør i Vårt Land. Han har også skrive ei rekkje bøker, mellom andre Guds barn, Nordriket og Kunsten å stamme.  

Når og kor?   

Måndag 20. april klokka 18.00-19.00 

Nasjonalbiblioteket, Målstova 

Inngang frå Henrik Ibsens gate 110  

Slik kjem du deg hit: Besøk Nasjonalbiblioteket!   

  Treng du billett?   

Arrangementet er gratis, men du må ha husbillett for å sikre deg plass i Målstova eller eit anna rom på huset der arrangementet blir vist på storskjerm. Hent ut billett her: Hent billett!

Med billett får dei fleste som kjem, plass i hovudsalen.  

Dørene opnar 30 minutt før arrangementet startar. Ubrukte plassar blir fristilte ti minutt før arrangementet startar.  

Strøyming av arrangementet?    

Vi strøymer arrangementet HER, og opptaket ligg ute i 14 dagar HER.   

Mat og drikke?  

Credo gir publikum ved Nasjonalbiblioteket eit serveringstilbod forankra i norsk matkultur. Nasjonalbibliotekbaren, bakeriet og kantina tilbyr forfriskingar og smårettar og bakst.  

Velkommen!