2
sep

Arkivert: kartet i verda og verda på kartet

Kartutsnitt
Utsnitt fra Cornelis de Jodes verdenskart, 1593. Eier: Nasjonalbiblioteket
Mandag 2. september 2019, at 19:00 – 20:30
Nasjonalbiblioteket – Målstova

Aslak Sira Myhre og Erling Sandmo med William Ginsberg, Benedicte Gamborg Briså og Thomas Reinertsen Berg.

Eit kart kan vere så mangt, alt frå eit par strekar og nokre slette symbol til ein nydeleg versjon av verda. Historia til karta er også ei historie om korleis verda har blitt sett, skapt og forstått, ho syner oss kva som til kvar tid har utgjort rammene for verda. Felles for dei tre gjestane i kveld er ein stor kjærleik for kart. William Ginsberg er forretningsmannen som blei kartsamlar, men korleis, og kvifor? Benedicte Gamborg Briså arbeider med Nasjonalbibliotekets kartsamling, som tel over 150 000 objekt, medan Thomas Reinertsen Berg har skrive ein internasjonal bestseljar om karthistoria.

Arrangementet er del av opningsveka for Nasjonalbiblioteket sitt kartsenter. Les meir på www.nb.no/kartsenteret.