Anker på armen og hjarte på brystet

Kva skal skje?
Foredrag om korleis tatoveringane kom sjøvegen til Noreg.
Ein svale tatovert på brystet betydde at du hadde segla 5000 nautiske mil i ope farvatn, eit anker på armen skulle beskytte mot drukningsdøden. Tusenvis av nordmenn drog til sjøs under gullalderen i norsk sjøfart, og mange kom tilbake med tatoveringar på kroppen. I dette foredraget fått vi innblikk i kor kunsten kjem frå, korleis han kom til Noreg og kva mytar og fordommar som er knytte til kroppskunsten som i dag er allemannspynt.
Kven møter du?
Tor Ola Svennevig er tatovør og har forska på sjømannstatoveringar. Han har gitt ut bøkene Norske sjømannstatoveringer og Johan Fredrik Knudsen. Electrical Tattoo Artist, der han har teke i bruk historiske kjelder.
Når og kor?
Fredag 12. september kl. 18–19
Laurdag 13. september kl. 12.30-13.30
Nasjonalbiblioteket, Målstova. Inngang frå Solli plass
Slik kjem du deg hit: Besøk Nasjonalbiblioteket
Treng du billett?
Du treng ikkje billett, og arrangementet er gratis. Dørene opnar ein halvtime før start. Blir det fullt strøymer vi til storskjerm i Nasjonalbibliotekbaren.
Vi strøymer også her.
Kva er Handverksfestivalen?
Handverksfestivalen på Nasjonalbiblioteket er ein årleg festival som feirar den materielle kulturarven vår. Gjennom verkstader, panelsamtaler, foredrag og kunstopplevingar formidlar vi kunnskap om alt folk har laga med hendene i tidlegare tider. I år er temaet for festivalen havet. Ein viktig arbeidsplass, eit rikt matfat og ei kjelde til forteljingar, kunst og musikk. Vi byr på over tjue arrangement over to dagar. Sjå heile programmet her!
Mat og drikke?
Du kan ta med deg mat og drikke inn på arrangementa.
Credo gir publikum ved Nasjonalbiblioteket eit serveringstilbod forankra i norsk matkultur. I Nasjonalbibliotekbaren kan du nyte småmat og forfriskingar, og i løpet av hausten opnar bakeri, kantine og restaurant: https://www.nb.no/ombygging
Med kunnskap om og respekt for jorda og råvarene skaper Credo måltid der fortid, notid og framtid møtast.
Velkomen!