• Beklager. Dette event har allerede funnet sted.

Hendelsen, Tiår for tiår

70-talet/Hendinga: Alta-aksjonen

21. oktober kl. 19:00 - 20:00 Gratis inngang

Informasjon

Aili Keskitalo, Alfred Nilsen og Silje Ask Lundberg

Billettar: På grunn av smittevernreglane er det færre plassar til publikum, og vi ber alle om å hente gratisbillett på nb.no før arrangementa. Arrangementet blir strømma direkte på Facebook og nb.no.

Mellom 1979 og 1981 blei det arrangert ei rekke aksjonar med sivil ulydnad mot planane om kraftutbygging i Alta-Kautokeino-vassdraget. Folkeaksjonen mot utbygging førte miljøaktivistar frå heile landet saman med samar som aksjonerte for rettane sine. Utbygginga blei til slutt gjennomført, men aksjonane førte likevel til store endringar i forholdet mellom samane og den norske staten. Kvifor fekk aksjonane slike omfattande konsekvensar, korleis var møtet mellom miljøvernarar og urfolk, og kva lærte miljørørsla?

Sametingspresident Aili Keskitalo og miljøaksjonist Alfred Nilsen møtest til ein samtale som blir leidd av Silje Ask Lundberg, leiar i Naturvernforbundet.

2020 har vore eit dramatisk og djuptgripande år. Konsekvensane av covid-19-pandemien kjem vi til å ta med oss langt inn i det nye tiåret, slik 1920-åra også blei merkt av spanskesykja (1918–1920). I haustens serie «Tiår for tiår» begynner vi med nettopp spanskesykja og ser så nærare på dei neste tiåra fram til i dag gjennom arrangement og digitalt innhald med materiale frå Nasjonalbibliotekets rikhaldige samling. Kva har prega oss? Kva har vi lest, lytta til, lært av – og kva har vi gløymt?

Under vignetten «Hendinga» går Nasjonalbiblioteket inn i storhendingar i noregshistoria. Kva slags ringverknader skapte dei, og kvifor held nokre hendingar fram å verke langt utover si tid?

Informasjon om smittevern:

Denne hausten har vi færre plassar til publikum, i samsvar med dei gjeldande retningslinene for smittevern.

På grunn av mindre kapasitet og krava til smittesporing må ein hente gratisbillett på nb.no. Vi hentar inn informasjon om namn, e-post og telefonnummer, og vi slettar data ti dagar etter arrangementet. Dette er i tråd med FHIs retningsliner og EUs personvernforordning (GDPR). Informasjonen blir lagra i lukka arkiv og blir ikkje nytta til andre føremål enn ei eventuell smittesporing. Hugs å melde frå om du likevel ikkje kan nytte gratisbilletten, slik at andre kan ha glede av plassen din.

Vi ber personar med luftvegssymptom eller andre symptom på covid-19, og personar som er i karantene eller isolasjon, om å følje arrangementet heimanfrå. Vi gler oss til å ta imot dykk. Vertskapet vårt visar publikum til plassane sine. Vi tilrår alle å komme i god tid før arrangementet startar.

Kommende arrangementer

Ekstern arrangør

Er språket vårt i fare?

Man. 26. oktober kl.18:00
Gratis inngang
Read article "Er språket vårt i fare?"

Arrangement

80-tallet: I studio med Raga Rockers

Man. 26. oktober kl.19:00
Gratis inngang
Read article "80-tallet: I studio med Raga Rockers"

Fagseminar

The Hermeneutics of Bibliographic Data and Cultural Metadata

Ons. 28. oktober kl.10:15
Gratis inngang
Read article "The Hermeneutics of Bibliographic Data and Cultural Metadata"