Vågan i mellomalderen

PODKAST: Korleis ble Vågan et handelssentrum i nord i mellomalderen?

Vågan i Lofoten låg rett vest for der Kabelvåg ligg i dag, og var den nordlegaste av dei stadene vi reknar for byar i Norge i mellomalderen. Samstundes er det den byen ein veit minst om. Vågan vart eit viktig fiskevær og også eit handelssentrum for området. Eksport av fisk herifrå til kontinentet over Bergen går i alle høve tilbake til 1100-talet.

Aktiviteten var store vår- og sommartid, medan vintertid mista Vågan mykje av bypreget sitt. Dette skuldast òg at plassen ikkje var eit kyrkjeleg sentrum, som i staden låg lenger nord på Trondenes ved dagens Harstad. Nedgang i handel etter Svartedauden og påfølgjande pestar gjorde at handelen i Lofoten vart trekt sørover til Trondheim og ikkje minst Bergen, og Vågan forsvann heilt som handelssentrum i løpet av 1400-talet.

Kanskje du også vil være interessert i disse historiene fra samlingen?