Slik vart typografien brukt i agitasjon i mellomkrigstida

Jan Tschichold, foregangsmannen for «den nye typografien» – grotesk. Foto: Eduard Wasow.

Då den gamle verda gjekk sunn etter fyrste verdskrig vaks nye rørsler fram – også i typografien. Skrifttypen grotesk, «den nye typografien», vart brukt på alt frå Mussolinis bygningar til Øverlands foredrag, og kunne verke både nyskapande og provoserande.

Mellomkrigstida. Tida for å sjå framover – for ny teknologi, flyreiser, oppvaskmaskin og enklare løysingar. Ut med det gamle, inn med det nye. 

I ei tid prega av modernisering og effektivisering vaks nye rørsler fram: Ikkje berre politisk med sosialistiske, kommunistiske og fascistiske straumar, men også innan kunsten. I nokre kretsar, som i miljøet rundt Bauhaus-skulen i Weimar, tok kunsten og arkitekturen ei modernistisk og funksjonalistisk retning. 

Med dette bakteppet vart også typografien, den visuelle forma på den trykte teksten, gjenstand for fornyingstankar, og ein annan typografi frå byrjinga av 1800-talet blei børsta støv av: Grotesk. 

Ville modernisere typografien

Der vi i dag kan velje mellom Times New Roman, Comic Sans MS og hundrevis av andre skrifttypar, feit, kursiv eller understreka, midtstilt eller sidestilt, var trykte tekster noko meir standardiserte gjennom 1800-talet og byrjinga av 1900-talet. 

1800-talet hadde vore ei brytningstid. Den vanlegaste skrifttypen i Skandinavia hadde til då vore gotisk, med unntak av dei tekstane som var på latin eller latinske språk – dei vart skreve med antikva. 

– Men utover på 1800-talet vart fleire og fleire tekstar på morsmålet gjeve ut med antikva, særleg litteratur retta mot det sekulariserte borgarskapet i byane, som til dømes drama og poesi. Meir folkeleg litteratur, som salmar og ulike former for oppbyggeleg litteratur og populærlitteratur som til dømes viser og forteljingar, vart skrive med gotisk fram til eit lite stykke inn på 1900-talet. 

Det seier Anne Eidsfeldt, forskingsbibliotekar og fagansvarleg for bokutstillinga «Lause typar og stramme bind» ved Nasjonalbiblioteket. 

I mellomkrigstida var det fleire som begynte å sjå på den gamle typografien med faste former og små seriffar som ineffektiv og forfengeleg. 

– Den gamle typografien var svært prega av balanse. Du hadde ein midtakse på teksten og eit fast formular du alltid skulle bruke, same kva slags tekst det var. Men etter fyrste verdskrigen, då den gamle verda var gått i knas, kom det krefter til som ville at typografien skulle bli modernisert. Då fekk grotesk ein skikkeleg renessanse. 

Grotesk skulle ha skrift heilt utan seriffar, ein skulle bruke heile sida, og alt skulle vere så effektivt og brukarvenleg som mogleg. Ho var rask, ho var effektiv, ho var enkel – og alle kunne forstå henne. 

Skrift og politikk

Sosialistane i Russland, seinare Sovjetunionen, børsta tidleg støv av den hundre år gamle skrifttypen. 

– Under og etter den russiske revolusjonen vart grotesk brukt til agitatoriske formål i Russland. Det kunne til dømes vere på plakatar eller i pamflettar. Slik vart det i Europa forbunde med det moderne og radikale, seier Eidsfeldt. 

På den andre sida av det politiske spekteret nytta Benito Mussolini skriftforma på bygningar han fekk reist. 

Ein som vart inspirert av den kommunistiske bruken av grotesk i agitasjon var den tyske grafikaren og bokkunstnaren Jan Tschichold, forfattar av boka «Die neue Typographie» – den nye typografien.

– Han skulle rydde opp i typografien, og det inkluderte skriftgruppa. Og da meinte han at grotesk var den reinaste, mest tidlause skriftgruppa ein kunne bruke.

Etter ideane som Tschichold hadde kome med skulle alt ved teksten vere funksjonelt og lesarvenleg. Heile flata av papiret skulle utnyttast, ein skulle gå vekk frå dekorative krusedullar og anna pynt – det einaste som skulle vere lov som dekor var reine geometriske former. Helst skulle ein heller ikkje nytte store bokstavar. 

Tschichold blei arrestert av nazistane i 1933 for å vere ein «kulturell bolsjevik», og såg seg nøydd til å flykte til Sveits. Der arbeidde han i fleire tiår med å utvikle typografien sin, men etter kvart i ein litt meir moderat retning: Han meinte etter kvart at nokre av dei absolutte reglane for den nye typografien låg for åndeleg nært fascistisk ideologi. 

Grotesk i Noreg – Øverland og sosialisme

Sosialistiske forlag i Noreg, som Fram Forlag som etter kvart gjekk over i Tiden Forlag, begynte på 20-talet å ta i bruk gotisk skrift på omslaget og innslagsidene til nokre av bøkene. 

Ei av utgivingane kor grotesk blei brukt var ei av dei mest kontroversielle i Noreg i mellomkrigstida:  «Tre foredrag til offentlig forargelse» av Arnulf Øverland. Den inkluderte mellom anna foredraget «Kristendommen – den tiende landeplage», som førte til at Øverland vart stilt for retten etter straffelovens paragraf om blasfemi.

Også andre forlag, som til dømes Gyldendal, begynte å nytte grotesk i enkelte samanhengar. Men aller mest vart den kanskje brukt i reklamesamanheng: Medan ein hadde hatt lite reklame i Noreg før 1. verdskrig, førte økonomisk oppsving i landet til ein kraftig auke i reklamebransjen i denne perioden. Då var den nye typografien godt egna for å vekke interesse og nå effektivt ut, og dermed perfekt egna for reklame.

Gradvis forsvann bruken av gotisk skrift i Noreg, og grotesk vart meir og meir vanleg. Men antikva klarte ho ikkje å utkonkurrere: I dag nyttar vi både grotesk og antikva.

Mange brukar til dømes fonten «arial», som er ein grotesk skrifttype, i e-post eller tekstdokument, mens du som les denne artikkelen nett no kviler augo på god, gamaldags antikva.

Kjelder: Intervju med Anne Eidsfeldt, Torbjørn Engs artikkelserie «Den nye typografiens gjennombrudd i Norge».