Kva kan lovene fortelja oss?

PODKAST: Kva fortel lovene oss om Norge i mellomalderen? Var norske samfunnsforhold så spesielle at lovene var annleis enn dei vi finn andre stadar i Europa? Og kva kan faktisk rettspraksis fortelja oss om korleis lovene fungerte?

Litt enkelt sagt finst det to sentrale kjelder til norsk mellomalderhistorie fram til 1300-talet, og det er sagalitteraturen og dei meir reindyrka historieframstillingar, og så er det lovene.

Frå rundt 1300 vert kjeldematerialet langt rikare, og ikkje minst får ein mengder med mellomalderbrev som ei meir kvardagsnær kjelde. Men kva fortel lovene oss om Norge i mellomalderen?

Spegla lovene samfunnet slik det var eller slik ein ønskte det skulle vera? Var norske samfunnsforhold så spesielle at lovene var annleis enn dei vi finn andre stadar i Europa? Og kva kan faktisk rettspraksis fortelja oss om korleis lovene fungerte?

Kanskje du også vil være interessert i disse historiene fra samlingen?