Dei ukjende norske sjøuhyra

Denne delen av kartet til Olaus Magnus frå 1539 syner sjøuhyra som lurer utfor kysten av Troms og Finnmark. Langt nord på Noregs kyst fortel Olaus Magnus at det finnst ein farleg fisk på storleik med ein elefant som går til åtak på menneske langs strendene. På kartet er han avbilda på ein fjellkjede nord for «Vardahus», som sannsynlegvis viser til festningen Vardøhus utfor Vardø. «Morsus», eller «Rosmarus», som den også blei kalla, har lodden kropp og hårete, okseliknande hovud. Foto: Nasjonalbiblioteket.

Hjelpsame kjemperokker, lumske lutherske grise-fiskar og uhyrlege sjøormar utanfor Bergen: Eit pro-katolsk kart over Noregs kyst frå 1539 gav både naturvitskaplege og moralske leksjonar.

Merk: Denne teksten er noen år gammel, men holder seg fortsatt godt. Erling Sandmo gikk dessverre bort vinteren 2020.

For menneske i dag er sjøuhyre noko vi kjenner som fantasivesen frå eventyr eller film. Men i glanstida til monstera, mellom 14- og 1800-talet, var dei like verkelege for nordmenn som fjerne og eksotiske dyr som løver og elefantar.

Illustrasjonar av sjøuhyre finst på mange av karta som er laga i denne perioden. Med tidsalderen til dei store oppdagingane kom ei gryande interesse for kart, i tillegg til ei heil mengd naturhistorisk litteratur som skildra verda slik ho syntest i tida.

På Nasjonalbiblioteket finst ei rekke kart som viser illustrasjonar av norske og nordiske sjøuhyre. Her er fisk med oksehovud, svære sjøormar og hjelpsame kjemperokker – for berre å nemne nokre.

– I desse framstillingane skulle monstera bety noko, symbolisere noko. Dei representerte ein heilt eigen dimensjon i karta, som i tillegg til å gje detaljerte skildringar av eit område kunne tilby ein moralsk og oppdragande dimensjon gjennom desse uhyra.

Dette fortel Erling Sandmo, som i tillegg til å ha skrive bok om uhyra som er å finne i Nasjonalbibliotekets arkiv er leiar for Kartsenteret på Nasjonalbiblioteket, ei utstilling som inneheld verdas mest omfattande samling av trykte kart over Noreg, Norden og nordområda.

«Monsterkartet»: Bibelens bind 2

Eit av dei viktigaste karta som viser norske sjøuhyre er det han kallar «monsterkartet», laga av den svenske geistlege, etnologen og kartografen Olaus Magnus. Originalen blei laga i 1539 og finst kun i to eksemplar, medan ein koparstikkversjon frå 1572 av Antonio Lafreri finst på Kartsenteret.

På dette kartet finst Erling Sandmos favorittmonster, det lutherske monsteret som ifølgje kartet blei observert i 1537. Sjøuhyret har grisetryne, drageføter og fiskekropp, og på sida av kroppen sit det tre store auge.

– Dette er det beste monsteret. Auga på sida er forføringa sine auge, fulle av løgn, som freistar lokke folk til seg for å bli lutheranarar. Dette kartet er anti-luthersk, og mange av illustrasjonane syner alt det forferdelege som kan skje viss lutherdommen vinn fram.

Reformasjonen spelte ei sentral rolle i framstillingane av sjøuhyre frå denne perioden, fortel Sandmo. Med den kom også ei aukande interesse for religiøse teikn og varsel som desse monstera representerte på karta og i litteraturen.

På kartet til Olaus Magnus er til dømes ein kval som har sett seg fast i ei hamn på Færøyane eit symbol på vondskap, mens ei kvalmor som beskyttar ungane sine mot spekkhoggaren skal illustrere tydinga av morskjærleik og forsorg for familien.

– På dette kartet er verda ein slags tekst der dyr og naturformasjonar er som ei bok som Gud har skrive. Det er bind 2 av Bibelen , om du vil. Gud lét sin moralfilosofi og sin plan for verda kome til syne i naturen, og slik blir det å forstå naturen og landskapet ein religiøs praksis der ein kan lese Guds vilje, seier Sandmo.

Frykteleg orm fråtsa i sjømenn

I boka si skriv Olaus Magnus utfyllande om fleire av sjøuhyra på kartet. Til dømes om den hjelpsame kjemperokka, synleg på kartet utanfor Lindesnes: Her fortel han historia om ein mann på symjetur som brått blir angripen av småhaiar.

Dei svoltne haiane trekkjer han ned i djupet og et av nasen, fingrane, tærne og kjønnsdelane hans. Mannen er i forferdeleg pine. Men plutseleg kjem ei diger rokke som driv haiane vekk. Rokka freistar hjelpe mannen i land, men diverre utan hell – mannen druknar.

Sjøuhyrer utenfor Bergen og Lindesnes. Til sak om sjøuhyrer i forbindelse med åpningen av Kartsenteret.

Olaus Magnus skriv ikkje om historia er ei verkeleg historisk hending eller om ho er funne opp for å åtvare om farane ved å bade. Men om rokka fortel han at ho er driven av medkjensle, som ein slags norsk delfin som hjelper menneske i havsnaud.

Men prøvar ein å jakte på ho, slik mange gjer, skriv Olaus Magnus at ein ikkje kan vente noka medkjensle – då blir rokka farleg, og kan slå ein mann over bord med finnane med stor kraft.

Frå den kolossale norske sjøormen utanfor Bergen, er det derimot ingen nåde, skriv Olaus Magnus. Han bur i holer og under klipper og kjem ut for å ete kalvar, lam og grisar. Når ormen er ute på havet er ingen sjøfolk trygge: Han reiser seg som ei søyle i vatnet, frykteleg og med auge som flammar som eld, og fråtsar i besetninga på skipet.

Med tida forsvann sjøuhyra frå karta. Det er det fleire grunnar til, fortel Sandmo.

– Det opplagte er at vitskapen øydela trua på at dei fanst. Men det er òg viktig at karta ikkje lenger hadde i oppgåve å presentere moralske og religiøse eksempel eller varsle om framtida. Dei nye karta viste verda berre som rom, og ikkje som tid eller meining. Dei siste monstera var berre dekor, dei var påminningar om det flotte og gamle ved karttradisjonen, men til slutt bukka dei under og blei heilt borte.

Fleire historier frå samlinga: