Samiske stadnamn blir meir tilgjengelege på nett

Det samiske flagget. Foto: Wikimedia Commons

Med opptil fire ulike bøyingsformer er det ikkje sjølvsagt at du hamnar på riktig stad når du søker på samiske stadnamn på internett. No har Nasjonalbiblioteket, Wikimedia Norge og Giellatekno ved Universitetet i Tromsø gått saman for å rette på dette.

  •  15.10.2020

I motsetting til på norsk kan samiske stadnamn stavast ulikt, alt etter kva plass og funksjon dei har i setninga. Staden Tana kan for eksempel heite både Deatnu, Deanu, Deanus og Detnui. Dette har vore ei utfordring for Kartverket og andre som skal legge til rette for søk på stadnamn på internett.

– Stadnamn er ein viktig del av den samiske kulturarven. Dei kan til dømes innehalde informasjon om slekter og personar som er knytt til stadane. Vi vonar at det arbeidet vi no gjer, skal vere med på å sikre at desse namna får fortsette å leve i det samiske språket, seier seniorrådgjevar Jon Arild Olsen ved Nasjonalbiblioteket.

I det nye samarbeidsprosjektet vil Giellatekno produsere lister med alle former av samiske stadnamn som deretter blir gjort tilgjengelege i Wikidata (Wikipedia) og i Nasjonalbibliotekets språkbank. Når desse listene blir implementerte, vil ein kunne søke på alle former av eit namn og få treff på riktig geografisk stad.

Statens kartverk er svært positive til prosjektet.

– Vi tykkjer det er viktig med auka tilgjengelegheit av samiske stadnamn, både frå Sentralt stadnamnregister (SSR) og andre kjelder. Dette vil føre til auka kjennskap til og bruk av desse namna, seier Kjetil Ringen, systemansvarlig for SSR.