Tekst fra Nasjonalbibliotekets julekalender. Sort bakgrunn. Illuminasjoner i gull og sølv og turkis.

Ein julekalender om Magnus Lagabøte

Luke 10: Noreg i verda

I 1257 døydde Håkon Unge medan prins Magnus var hylla av folket som konge. Søster deira, prinsesse Kristin, reiste på si side til den iberiske halvøya for å verta gift. Det var Håkon Unge som året før hadde sendt ambassadørar til kongeriket Castilla i dagens Spania i 1256.

Året etter kom dei tilbake med spørsmål om den norske prinsessa ville gifta seg med ein av kong Alfons 10. sine brør. Med sin store flåte kunne norskekongen vera ein viktig alliert for spanjolane. Den norske kongen vart smigra, og hausten same året reiste prinsesse Kristin med 100 personar i følgjet sitt sørover.

Vegen gjekk via England, der den engelske kongen tok imot dei. Så til den franske kongen, og vidare sørover til kongen av Aragon. Følgjet kom fram julaftan 1257, og påska året etter vart prinsesse Kristin gift med prins Filipe av Castilla.

Dei som kom heim etter bryllaupet, kunne fortelja om den kastiljanske kongen sitt lovarbeid. Det største lovarbeidet Europa hadde sett på 700 år.

No var Noreg uomtvisteleg ein del av europeisk politikk, og dei første stega mot ei landslov var tatt.