A.O. Vinje: 1800-talets moderne bladfyk

«Hvad skulde en Journalist være? Han skulde være en Lærer for Folk og Stat. Han skulde staa paa Videnskabens og Civilisationens Høider, hvorfra han kunde overskue det Hele i sin organiske Sammenhæng. Han skulde, saa at sige, føle paa Nationens Puls og som en kjærlig Læge forordne de bedste Mediciner.»

  • Av Trond Haugen
    Forskningsbibliotekar og fagansvarlig for utstillingen om Vinje og norsk pressehistorie i Nasjonalbiblioteket.
Bilde av Vinje
Aasmund Olavsson Vinje, ca. 1865. Foto: Claus Peter Knudsen.

Dei fleste kjenner Aasmund Olavsson Vinje som forfattaren av folkekjære dikt som «Leitande etter Blåmann», «Langs ei Aa» eller «Ved Rundarne». Mange har òg lese den originale reiseskildringa Ferdaminni fraa Sumaren 1860, der han skreiv om si eiga reise frå Christiania gjennom Østerdalen på veg til kroninga av Karl 4. i Nidarosdomen i Trondheim. Andre igjen knyter namnet hans til landsmålet, ettersom han var ein av dei aller første som skreiv norsk heilt ut og dermed sytte for at nynorsk enda opp som ei eiga målform.

Vinje var også ein av våre første moderne bladfykar. Som journalist opplyste han innbyggjarane i Drammen om nyhende frå hovudstaden Christiania i Drammens Tidende frå 1851 til 1859. I hovudstaden skreiv han det litterære og politiske skjemtebladet Andhrimner saman med Henrik Ibsen og Paul Botten Hansen. Og i 1858 skipa han avisa Dølen, Noregs første avis på landsmål, som også gav Vinje tilnamnet Dølen. «Dølen og eg sjølv er no liksom det sama, maa vita; […]», skreiv Vinje i avisa 15. februar 1863, og la til: «[…] og so vil eg heller segja ‘eg’ enn ‘Dølen’ for det er no liksom litit varmare og hjartelegare, det».

Ikkje utan grunn har Vinje blitt omtala som ein av dei største journalistane i norsk pressehistorie. I ei melding av tekstsamlinga Vinje. Dikt og Prosaskrifter i Aftenposten 3. desember 1903 kalla Gerhard Gran han for vårt einaste journalistiske geni. Då den relativt unge Per Egil Hegge skreiv artikkelen «Aasmund Olavsson Vinje. Den store journalisten» på nynorsk i A-magasinet 12. august 1972, gjentok han Gerhard Gran sin dom: «Vinje var eit journalistisk geni.» Det er fleire grunnar til at Vinje fekk dette ryet på midten av det 19. hundreåret.

Vinjes journalistiske program

Den første artikkelen han skreiv som hovudstadskorrespondent i Drammens Tidende i 1851, hadde nettopp tittelen «Journalistiken». Der tok han for seg journalistikkens vokster og funksjon i dei moderne europeiske demokratia. Artikkelen var delt inn i seks bolkar og sto på trykk i fem nummer frå 1. til 8. januar. Artikkelen opna med å skissere det historiske grunnlaget for journalistikken i boktrykkjarkunsten og februarrevolusjonen, heldt fram med ei entusiastisk utgreiing av den britiske journalistikkens prinsipp, ein underhaldande gjennomgang av fransk, tysk og dansk-norsk presse i tre bolkar, før han avslutta med å skissere kva ein journalist kunne vere i Noreg på denne tida.

Artikkelen er framleis eit av dei finaste stykka som er skrive om journalistikken si utvikling og verdi i dei moderne europeiske demokratia, og om fridomen si rolle som føresetnad for all journalistikk. Den teore-tiske grunnideen i artikkelen presenterer Vinje best sjølv:

Journalistiken begynder med den moderne Civilisation; Friheden fostrede og beskyttede den, og i de Lande, hvor der ingen Frihed er, der er heller ingen Journalistik; dens Historie er saaledes de enkelte Folks politiske Frihedshistorie.

Tanken om at fridom og journalistikk heng saman i ein uløyseleg knute, er spanande. Finst det ingen journalistikk i eit ufritt samfunn? kan ein spørje seg, og minne om korleis diktatur gjennom historia nettopp har sett grenser for ytringsfridomen ved å tvinge jour-nalistar til å skrive propaganda. Vinje set pressefridomen på spissen, og når vi les vidare i programartikkelen, forstår vi at formuleringa er voven saman med Vinje si tidlege erkjenning av at det berre er ein ansvarleg journalistikk, ein som arbeider med det Vinje kallar ei parlamentarisk haldning, som kan opptre som fjerde statsmakt i eit moderne demokrati. I si eiga samtid fann Vinje dette idealet i den britiske pressa.

Bilete frå utstillinga Journalistikken – fridomens sjanger? på Nasjonalbiblioteket

Den fjerde statsmakt

I 1851 var dette nye tankar. Første gongen omgrepet The Fourth Estate eller den fjerde statsmakt blei brukt i den tydinga omgrepet har i dag, var i Thomas Carlyle si bok On Heroes and Hero Worship frå 1840. Der refererte Carlyle til den konservative statsmannen og politiske tenkaren Edmund Burke, som i ein parlamentarisk debatt i 1787 skal ha diskutert utfordringa med å late journalistane vere til stades og rapportere frå Underhuset. Berre eit drygt tiår etter Carlyles analyse presenterer Vinje si konsekvente forståing av journalistikkens demokratiske funksjon: I eit moderne demokrati er det den fjerde statsmakta si parlamentariske haldning som sikrar framsteg i samfunnet. Ikkje over revolusjonens ruiner, men gjennom ein ansvarleg kritikk av den lovgivande, den utøvande og den dømande makta:

De engelske Journaler bidrage ikke mindre end de parliamentariske Debatter til at hæve eller styrte en Minister; i dem maa han finde sin Støtte, skal han være mulig. Det var de liberale Blade, der ledede Gjæringen, som i Aaret 1830 styrtede Wellington og fremkaldte Reformbillen; det var ligeledes Journalerne, som eftertrykkelig udtalte Nødvendigheden af at ophæve Navigationsagten og Kornloven. Det er denne Journalernes respektindgydende Optræden og en parliamentarisk Holdning, der alene findes i England, der føre Samfundet fremad uden at skride over en Revolutions Ruiner (Drammens tidende, 3. januar 1851).

Men finst det ikkje grenser for journalistens makt? Nokre gonger verkar det som om Vinje meiner at det ikkje finst grenser. «[…] Pressen er den fjerde Statsmagt eller rettere den, der burde beherske de tre andre», skriv han i ein artikkel om redaktørskiftet i Christiania-posten i Drammens Tidende, 31. oktober 1856. Seinare presiserer han kvar grensa går for pressa si makt. I ein polemikk med politikaren og stortingsrepresentanten Ole Gabriel Ueland understrekar Vinje at «[…] ein Bladskrivare er magtlaus, naar han ikki talar det, som sannt er, og som ligger Alle paa Tunga. Den, som ein Bladskrivare skal kunne knusa, maa derfor hava knust seg sjølv fyrst» (Dølen, 15. januar 1860). Journalisten kan berre knuse den som allereie først har knust seg sjølv. Fridom er med andre ord ikkje fridom frå sanning, men fridom til sanning, og sanninga bør ein ikkje berre tole, men også søkje dersom ein er politikar.

Skreiv om rått og rote

Det var likevel noko som ikkje stemte for Aasmund Olavsson Vinje i Drammens Tidende. Han kjende seg heimlaus i det danske språket. Etter sju år som hovudstadskorrespondent i avisa braut han opp og skipa avisa Dølen, for å kunne skrive på sitt eige norske språk, «dølemaal». Olav H. Hauge har kalla Dølen for «smidja der det nynorske skriftspråket vart til». Det første nummeret av avisa kom ut 10. oktober 1858, og i februar 1859 tok Vinje endeleg farvel med lesarane i Drammens Tidende.

I Dølen skreiv Vinje om rått og rote, om målsaka, utanrikspolitikk og innanrikspoli-tikk, om norske bøker og norsk presse, om reiser, katastrofar og brotsverk, om landbruk og musikk og skulegang. Og så skreiv han dikt og skjønnlitterære bladstykke. Fleire av dei folkekjære dikta hans sto på prent første gongen i Dølen. Det var for abonnentane av Dølen han skreiv si moderne reiseskildring Ferdaminni fraa Sumaren 1860, og det var abonnentane i Dølen som fekk merke fråværet hans då han drog til England for å skrive boka A Norseman’s Views of Britain and the British, som kom ut i 1863.

I Dølen skreiv han også litteraturkritikkar Noreg ikkje hadde sett make til tidlegare, fylte av vinjesk tvisyn, høgtsvevande ironi og nådelaust kritiske dommar. I tre nummer av Dølen, frå 9. oktober til 6. november 1859, slakta han Bjørnstjerne Bjørnsons bondeforteljing Arne, ved å lese boka som ein parodi på det nasjonale strevet, heller enn som eit nasjonalt, realistisk verk om det norske folket. Den 8. april 1866 melde han Henrik Ibsens Brand. Og sjølv om Vinje såg Ibsen som ein større språkkunstnar enn Bjørnson, tykte han likevel at Brand sin steile karakter var meir komisk enn han var tragisk.

Det siste nummeret av Dølen kom ut berre ei knapp veke før han døydde 30. juli 1870 på Gran på Hadeland, 52 år gammal. Året før hadde han gifta seg med den 17 år yngre, fråskilde lærarinna Rosa Kjeldseth. Ho døydde av barselfeber 12. april 1870, ei veke etter at sonen Olav Aasmundsson Vinje var fødd.

Avis med AO Vinje
10. og 24. august 1870 hadde den liberale vekeavisa Verdens Gang eit omfattande forfattarportrett av Aasmund Olavsson Vinje etter at han var gått bort. Portrettet var illustrert med eit xylografi signert L.J.

Vinjes ettermæle

Vinje var ein samansett figur som levde i ei av dei mest framgangsrike periodane i norsk åndshistorie. Han var husmannsguten frå Vinje i Telemark som med sitt gode hovud og eigen lesnad vant seg ry som ein av våre fremste intellektuelle på 1850- og 60-talet. Han var ein uavhengig liberalar med eit bankande hjarte for folk og fe. Han var ein elitist som sette sanning og kunnskap framfor alt. Og han var ein nasjonal idyllikar som dyrka den norske bondekulturen. Ein forskar som Jon Haarberg ved Universitetet i Oslo har lese Vinje som ein karnevalistisk maktkritikar i tradisjonen etter antikkens menippeiske satire, medan kritikkhistorikaren Arild Linneberg ved Universitetet i Bergen ser han som ein essayistisk kritikar som driv ironien så langt at vi kan skimta konturane av det kløyvde subjektet vi kjenner frå modernismens frambrot i andre halvdel av 1800-talet.

Same korleis en vel å lese Vinje, så er det liten tvil om at hans kritiske blikk, journalistiske ideal og lettbeinte penn framleis kan opplyse og underhalde lesarane.

Artikkelen har også stått på trykk i Aftenposten Historie.