Mannen på landevegen

23.04.2021

Martin Skou blir omtala som omstreifaren som fekk Arne Garborg over på rett side av historia. Men hans eiga tragiske historie er det ikkje mange som kjenner til.

I skyggen av kjendisene, del 2: Roald Amundsens adoptivbarn

I 1872 begynte det ein ny lærar på skulen på Sjernarøy i Boknafjorden, mellom Haugesund og Stavanger. Han heitte Martin Skou, var 23 år gammal og ivrig etter å vise seg som ein dyktig lærar.

Den unge mannen hadde ei nokså uvanleg livshistorie. Rykta om kven han var og kor han kom frå begynte snart å gå blant innbyggjarane på øya.

Skou kunne sjå det i blikka han fekk: Dei visste, eller hadde i alle fall høyrt, noko om han som dei tydeleg ikkje likte.

Snart begynte elevane på skulen å oppføre seg merkeleg overfor den nye læraren.

Ein av gutane i klassen han underviste begynte plutseleg å komme til timen utan å ha lese leksene.

For ein elles dyktig elev var dette merkeleg åtferd. Etter nokre dagar spurde Martin kva som var årsaka til at guten ikkje ville lese leksene sine.

Svaret bekrefta det han mistenkte:

«Det var da ikkje vanskeligt at skjønne. Fader og moder siger, vi har en Lærer, som er af Fanteslegt».

Ein forfølgd minoritet

Nett som andre minoritetar i Noreg vart omstreifarfolket, eller romanifolket, utsett for forfølging og diskriminering gjennom fleire hundre år.

Av storsamfunnet vart den nedsettande nemninga «fant» ofte brukt om folkegruppa. Av myndigheitene vart dei omtala som «omstreifarar», på grunn av at dei ikkje var bufaste.

Store delar av livet var Martin Skou på det han kalla for «fantestien» – på vandring rundt i Noreg, utan fast bustad. Han vart fødd inn i ein omstreifarfamilie midt på 1800-talet, og vart tidleg van med eit liv på sida av storsamfunnet.

Ei vanleg haldning i majoritetsbefolkninga var at slike som Martin Skou og familien hans ikkje var til å stole på – dei fekk ofte skulda for brotsverk der ein ikkje hadde nokon klar mistenkt, og dei vart ofte omtala som eit samfunnsproblem. 

Det Martin opplevde, og refleksjonane hans rundt det som vart kalla “fantesaka”, fekk han etter kvart til å skrive boka Paa Fantestien – den første boka av og om omstreifarfolket som er gitt ut i Noreg.

Boka er utgangspunktet for bacheloroppgåva til Idunn Victoria Rostøl ved Universitetet i Oslo.

– Skou står fram som ein veldig samansett figur, og det er det som gjer ham så interessant. Samtidig som han peikar på uretten omstreifarfolket vart utsett for, kallar han dei òg «tjuvar» og «skrekkelege folk», seier ho.

Mellom to stolar

Då Martin Skou var tidleg i tenåra, vart han, som ein del av samfunnsforskaren Eilert Sundt sitt prosjekt for å assimilere omstreifarar og gjere dei bufaste, plassert i ein fosterfamilie i Klepp.

Sjølv skildrar Skou fosterforeldra som venlege og overberande. Men ein ting gjorde dei feil, skriv han i boka: Kvar gong han gjorde den minste ting gale, vart han møtt med den same regla:

Fant er fant, uansett om du saa la’ han på eit Sølvfad.

Tida hos fosterfamilien forma synet hans på sitt eige folk, som han etter kvart lærte å mistru og sjå ned på.

– Slik hamna han i opposisjon til omstreifarlivet, samstundes som han nok aldri kjende seg velkomen i storsamfunnet heller, seier Rostøl.

Martin Skou var den beste i sin klasse som ung vaksen, og fekk etter kvart ei utdanning som lærar. På lærarskulen møtte han den seinare forfattaren Arne Garborg, som han hadde vore leikekamerat med i barndommen, og som han no vart vener med på ny.

I sju år jobba Skou som lærar. Men då han mista respekten i klasserommet på Sjernarøy, vart han så fortvila at han slutta. Han opptok det omflakkande livet frå barndommen, saman med ei kvinne han hadde møtt, som han etter kvart gifta seg med og fekk barn med.

Som far var Skou redd for korleis barna hans skulle klare seg i den same posisjonen som han sjølv hadde vore heile livet: Mellom to stolar.

Hans eigen framtid vart øydelagd, skreiv han, men det skulle ikkje skje med framtida til barna. Derfor bestemte han og kona seg for å bli bufaste. Det betydde også eit liv i fattigdom for familien, for sjølv om han prøvde fleire ulike stader, fekk ikkje Skou nok arbeid til å kunne brødfø familien.

Hvorlænge skal Slegten lide for Forældrenes synder?

Martin Skou

– Parallell til Black Lives Matter

Martin Skou gjekk gjennom vekslande periodar som fastbuande og omstreifar, men enda til slutt på landevegen igjen. Engasjementet for omstreifarsaka hadde han med seg heile livet, noko som kom tydeleg gjennom i Paa Fantestien.

I boka skildrar Skou fleire episodar frå sitt eige liv som tydeleg understrekar fordommane og diskrimineringa som omstreifarfolket vart møtt med.

Éi slik oppleving sat særleg sterkt i minne, sjølv fleire år seinare, og vart eit slags symbol på noko av det han meinte var gale med korleis storsamfunnet behandla omstreifarar.

Han var berre 8-9 år gammal, og familien var ein del av eit større reisefølge med omstreifarar. Ein av mennene i følget hadde banka opp ei gravid kvinne, midt på open gate.

Sjølv om fleire bufaste nordmenn var vitne til episoden, var det ingen som greip inn for å beskytte kvinna eller tilkalle hjelp.

Dette var den første opplevinga Skou hadde av at folket hans ikkje var beskytta av lova, sjølv om dei kunne bli straffa av ho.

Gjennom heile livet var Skou ein aktiv samfunnsdebattant.

– I den politiske debatten om omstreifarsaka, og i dei store politiske og ideologiske debattane som var sentrale på den tida, som den store debatten om arv og miljø i befolkninga, er han ei tydeleg stemme, seier Rostøl.

I skuggen av Garborg

Venskapen med Arne Garborg varte livet ut, og i ettertid har det vore det sagt at Garborg hamna «på rett side av historia» på grunn av Skou – i betydninga at han vart meir inkluderande og merksam overfor minoritetar i Noreg.

Det var gjennom kjenneskapen med Deg eg kom etter, at der i grunnen er mykje mindre ‘skil paa Folk’ enn me trur …

Arne Garborg til Martin Skou

Fleire brev imellom Garborg og Skou er bevarte på Nasjonalbiblioteket, og har vore studert av mellom andre Rostøl.

I dei siste breva han skreiv til Garborg, reflekterer Skou over livet og over venskapen deira. Då var han svært sjuk. Garborg skreiv tilbake og trøysta venen i møtet med døden.

Skou vart inspirasjon til karakteren Carolus Magnus i romanen Fred som Garborg skreiv om omstreifarfolket i 1892. Garborg skreiv også forordet til fleire utgåver av Paa Fantestien.

I tillegg til boka Paa Fantestien, samla Skou mellom anna eventyr og songar, og heldt foredrag om omstreifarsaka framfor ministrar og stortingsmenn.

Han blei etter kvart såpass kjend at då han døydde den 15. januar 1919, vart nekrologen hans trykt i aviser over heile landet.

Kjelder:

  • Paa Fantestien av Johan Martin Mathiassen Skou
  • Garborg og Skou: Forskjell på folk? Av Marit Elisebet Totland
  • Intervju med Idunn Victoria Rostøl
  • Bilete frå Nasjonalbibliotekets samlingar (Marthinius Skøien og Anders Beer Wilse, 1880-1913)
  • Brev frå Nasjonalbibliotekets samlingar

Flere artikler i serien:

Roald Amundsens adoptivdøtre

Liv Bratterud fortalte eventyr til Moe