Hofmo og musikken


På grunn av smittevernreglane er det ei avgrensa mengde plassar, og vi oppfordrar alle til å hente gratisbillett før arrangementet på nb.no. Billettane blir lagt ut 19. august, kl. 08.00. Dette gjeld for fysisk oppmøte. Arrangementet blir også strøymt direkte på Facebook og nb.no. Lenka blir lagt ut i forkant av arrangementet. Her treng du ikkje billett.
Slik Hofmo gjennom heile forfattarskapen henta inspirasjon frå andre kunstnarar, har hennar eige verk med tida blitt ei kjelde til kreativitet – for forfattarar, akademikarar og musikarar. Påfallande mange av Hofmo sine dikt er tonesette, og forfattarskapen blir med jamne mellomrom gjenstand for nylesingar. Som for Hofmo har det for ettertida handla om dei store temaa – havet og himmelen og æva. Og dei små: fisk, krabber og sniglehus.
I 2011 gav Susanna Wallumrød ut plata Jeg vil hjem til menneskene, med eit utval tonesette Hofmo-dikt. Same år gav Valkyrien Allstars ut plata Ingen hverdag, der to Gunvor Hofmo-dikt blei gitt melodi.
Tuva Syvertsen frå Valkyrien Allstars og Susanna Wallumrød møter Kaja Schjerven Mollerin til ein samtale om musikaliteten i Hofmo sitt språk, kva det er ved denne forfattarskapen som appellerer til musikarar og kva Hofmo sjølv tenkte om musikken. Nokre av tonesettingane blir også framførte.
JA ER DET KORTESTE ORDET I VERDEN
I år ville Gunvor Hofmo fylt 100 år. I utstillinga «Ja er det korteste ordet i verden» ser Nasjonalbiblioteket nærare på denne forfattarskapen, som er blitt ståande som ein av dei fremste norske forfattarskapane i det tjuande århundret. Sju dikt – nokre mindre kjende enn andre – blir løfta fram i utstillinga og skaper inngangar til ulike sider ved Hofmos liv og verk. I ei rekke arrangement utover hausten ser vi også på kva spor ho har etterlate seg i litteraturen, og på korleis dei nedskrivne erfaringane hennar om sorg, angst, kjærleik, einsemd og livskraft framleis maktar å rykke lesaren ut av det vante og kvardagslege.
BILLETTAR:
Du kan bestille opptil fire billettar. Når du melder deg på, samtykkjer du til at kontaktinformasjonen blir lagra i inntil 14 dagar etter arrangementet. Informasjonen vil berre bli delt dersom det blir behov for smittesporing i etterkant.
Viss du har tatt ut billettar på vegne av andre, er du ansvarleg for å formidle informasjon om eventuell smittesporing. Viss du ikkje har høve til å bruke éin eller fleire av billettane dine, meld ifrå til informasjon@nb.no eller ring 23 27 61 01 slik at nokon andre kan få glede av plassen.
SMITTEVERN:
I tråd med smittevernreglane til Oslo kommune er det ei avgrensa mengde plassar på arrangementa våre. Alle som deltek, må vere registrert med namn og kontaktinformasjon i tilfelle smittesporing skulle bli nødvendig i etterkant.
– Hald deg heime viss du har symptom på covid-19 eller om du er i karantene.
– Hald minst ein meter avstand til alle som ikkje er i din eigen husstand eller kohort.
– Praktiser god hand-/hostehygiene. Handsprit vil vere tilgjengeleg ved innslepp.
– Vi oppfordrar alle gjestane våre til å laste ned FHIs Smittestopp. Les meir om appen HER.