Filmar frå kjøkkenet


Kva skal skje?
Få med deg filmprogrammet under Handverksfestivalen på Nasjonalbiblioteket. Sjå filmar frå arkivet om korleis vi har laga mat, ete, prata, vaska og levd på kjøkkenet. Det blir gjensyn med Fjernsynskjøkkenet, statlege undervisningsfilmar og andre historiske filmdokument gjennom heile dagen.
Filmprogram:
Det mystiske kjøkken, reklamefilm Lilleborg 1926−27
Hvem reddet Mor Monsen?, reklamefilm Freia 1932
Vårt kjøkken, opplysningsfilm Norske husstellfilmer 1950
Husmorvikaren, opplysningsfilm Det kongelige sosialdepartementet 1952
Moderne kjøkken, reklamefilm 1955
Slik blir det lettere, Husmorfilmen 1956 (utdrag)
Vi som går kjøkkenveien, Husmorfilmen 1960
Snarkokt syltetøy, opplysningsfilm SIFO 1968
Hjemme hos oss, Husmorfilmen 1971
Lasse & Geir, spelefilm 1976 (utdrag)
Fjernsynskjøkkenet, NRK 1984
Når og kvar?
Laurdag 19. september 10.00 – 18.00
Nasjonalbiblioteket, Folkestova
Inngang frå Henrik Ibsens gate 110
Slik kjem du deg hit: Besøk Nasjonalbiblioteket!
Treng du billett?
Arrangementet er gratis, og du treng ikkje billett.
Mat og drikke?
Credo gir publikum ved Nasjonalbiblioteket eit serveringstilbod som er forankra i norsk matkultur. Nasjonalbibliotekbaren, Bakeriet og Kantina tilbyr forfriskingar og smårettar og bakst.
Handverksfestivalen
Handverksfestivalen på Nasjonalbiblioteket er ein årleg festival som løftar fram den materielle kulturarven vår og kunnskap som har gått frå hand til hand gjennom generasjonar. Festivalen i år er den femte i rekkja og vi byr på ei rekkje arrangement over to dagar, fredag 18. og laurdag 19.
september. Sjå heile programmet her!
Velkomen!