Bakarst i skapet. Ei noregshistorie gjennom kjøkkenreiskapar med Knut Nærum


Kva skal skje?
Kor mange har ikkje skaffa seg ein kjøkkenreiskap som der og då verka som ein god idé, men som seinare støva ned bakarst i skapet? I dette foredraget fortel Knut Nærum ei noregshistorie gjennom avdanka, ubrukte og tidlegare elska kjøkkenreiskapar.
Gjennom desse tinga sporar han større utviklingstrekk i samfunnet, om kven vi er, og korleis vi har brukt kjøkkenet gjennom tidene.
Kven møter du?
Knut Nærum er forfattar, satirikar og teikneserieskapar, kjend for mange frå NRK-program som Nytt på nytt og Hallo i uken.
Når og kvar?
Laurdag 19. september kl. 17–18
Nasjonalbiblioteket, Målstova
Inngang frå Henrik Ibsens gate 110.
Slik kjem du deg hit: Besøk Nasjonalbiblioteket!
Treng du billett?
Arrangementet er gratis, men du må ha billett for å sikre deg plass. Hent billett her: Hent billett!
Strøyming av arrangementet?
Vi strøymer arrangementet HER, og opptaket ligg ute i 14 dagar HER.
Mat og drikke?
Credo gir publikum ved Nasjonalbiblioteket eit serveringstilbod som er forankra i norsk matkultur. Nasjonalbibliotekbaren, bakeriet og kantina tilbyr forfriskingar og smårettar og bakst.
Handverksfestivalen
Handverksfestivalen på Nasjonalbiblioteket er ein årleg festival som løftar fram den materielle kulturarven vår og kunnskap som har gått frå hand til hand gjennom generasjonar. Festivalen i år er den femte i rekkja og vi byr på ei rekkje arrangement over to dagar, fredag 18. og laurdag 19.
september. Sjå heile programmet her!
Velkomen!