Logg inn English
Handverksfestival
18.
sep

Verkstad: Eggeglas og handkleknagg i romanitradisjon   

Egg i eggeglass av ståltråd
Foto: Maiken Bjørkli
Foto: Maiken Bjørkli
Fredag 18. september 2026, kl. 17:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket
Gratis
Du treng ikkje billett. Førstemann til mølla.

Kva skal skje?

Her får du lære å forme enkle kjøkkenting med metalltråd. Kurshaldar Maiken Bjørkli viser dei rette grepa for å bøye og tvinne ståltråd, og ho fortel om den gamle tradisjonen med trådsløyd frå romanikulturen. Dei reisande laga mange slike gjenstandar med enkle middel, som dei kunne selje eller byte i mat og opphald på gardar rundt om i landet.  

Kven møter du?

Maiken Bjørkli er ein erfaren kurshaldar og driv Bjørkligarden ved Nordkjosbotn i Troms. Opphavleg kjem ho frå Drangedal, ei telemarksbygd der mange romanifolk har hatt tilhald. Ho har lært mykje om romanitradisjonane frå mor si. Verkstadene hennar på Nasjonalbiblioteket er eit samarbeid med Taternes Landsforening.  

Når og kvar? 

Fredag 18. september kl. 17–20  

Nasjonalbiblioteket, 2. etasje  

Inngang frå Henrik Ibsens gate 110   

  

Slik kjem du deg hit: Besøk Nasjonalbiblioteket!

Treng du billett? 

Arrangementet er gratis, og du treng ikkje billett. Her er det førstemann til mølla.  

Mat og drikke?  

Credo gir publikum ved Nasjonalbiblioteket eit serveringstilbod som er forankra i norsk matkultur. Nasjonalbibliotekbaren, bakeriet og kantina tilbyr forfriskingar og smårettar og bakst.  

Handverksfestivalen

Handverksfestivalen på Nasjonalbiblioteket er ein årleg festival som løftar fram den materielle kulturarven vår og kunnskap som har gått frå hand til hand gjennom generasjonar. Festivalen i år er den femte i rekkja og vi byr på ei rekkje arrangement over to dagar, fredag 18. og laurdag 19.
september.  Sjå heile programmet her!

Velkomen!