Fleire ord for fjell. Samtale med prisvinnar Paula Stevens


Kva skal skje?
Paula Stevens er blitt kalla talsperson og ambassadør for norsk litteratur i Nederland. På scena denne dagen blir ho intervjua av kritikar og forfattar Carline Tromp. Dei skal snakke om korleis ein skøyteløpar blei vegen til eit livslangt engasjement for norsk litteratur, og kva for særnorske ord for fjell og knaus som ikkje kan overførast til eit flatt og urbant Nederland.
Johan Harstad er ein av forfattarane Stevens har samarbeidd nært med. Opp gjennom åra har dei hatt omfattande kontakt, både ansikt til ansikt og gjennom detaljerte e-postar, for å diskutere korleis dei stadig tjukkare bøkene til Harstad skal få nederlandsk språkdrakt. Han vil ta med seg døme på desse e-postane til samtalen med Stevens, og vise dei fram for publikum.
Arrangementet er eit samarbeid med NORLA.
Fosseprisen for omsetjarar blei oppretta av Regjeringa for å heidre nobelprisvinnar i litteratur Jon Fosse. Omsetjarprisen er den største i verda i sitt slag. Prisvinnaren er peika ut av Nasjonalbiblioteket og Jon Fosse i samråd med NORLA (Norwegian Literature Abroad).
Kven møter du?
Paula Stevens er årets vinnar av Fosseprisen for omsetjarar. Ho har omsett nær 90 norske bøker til nederlandsk, både for vaksne og barn. Blant dei mange forfattarane ho har omsett, er Roy Jacobsen, Herbjørg Wassmo, Gunhild Øyehaug, Lars Mytting og Johan Harstad.
Johan Harstad er ein anerkjend og prislønt forfattar, som har mange følgjarar i Nederland. Den nederlandske omsetjinga av mursteinsromanen Max, Mischa & Tetoffensiven er no gitt ut i 19 opplag og er seld i nærare 100.000 eksemplar.
Carline Tromp er litteraturkritikar i Klassekampen, forfattar og podkastar. Ho er fødd og oppvaksen i Hilversum i Nederland.
Når og kor?
Laurdag 25. april kl. 12.15–13.15
Nasjonalbiblioteket, Målstova
Inngang frå Henrik Ibsens gate 110
Slik kjem du deg hit: Besøk Nasjonalbiblioteket!
Treng du billett?
Arrangementet er gratis, men du må ha husbillett for å sikre deg plass i Målstova eller eit anna rom på huset der arrangementet blir vist på storskjerm. Hent ut billett her!
Med billett får dei fleste som kjem, plass i hovudsalen.
Når billettar ikkje blir henta, blir plassane fristilte ti minutt før arrangementet startar.
Strøyming av arrangementet?
Vi strøymer arrangementet HER, og opptaket ligg ute i 14 dagar HER.
Mat og drikke?
Credo gir publikum ved Nasjonalbiblioteket eit serveringstilbod forankra i norsk matkultur. Nasjonalbibliotekbaren, bakeriet og kantina tilbyr forfriskingar og smårettar og bakst.
Velkomen!