Logg inn English

Fosseprisvinnar Paula Stevens og Johan Harstad om omsetjing

25.04: Fosseprisvinnar Paula Stevens og Johan Harstad om omsetjing

Fosseprisen for omsetjarar blei oppretta av Regjeringa for å heidre nobelprisvinnar i litteratur Jon Fosse. Omsetjarprisen er den største i verda i sitt slag. Prisvinnaren er peika ut av Nasjonalbiblioteket og Jon Fosse i samråd med NORLA (Norwegian Literature Abroad). 

Paula Stevens er blitt kalla talsperson og ambassadør for norsk litteratur i Nederland. På scena denne dagen blir ho intervjua av kritikar og forfattar Carline Tromp. Dei skal snakke om korleis ein skøyteløpar blei vegen til eit livslangt engasjement for norsk litteratur, og kva for særnorske ord for fjell og knaus som ikkje kan overførast til eit flatt og urbant Nederland. 

Johan Harstad er ein av forfattarane Stevens har samarbeidd nært med. Opp gjennom åra har dei hatt omfattande kontakt, både ansikt til ansikt og gjennom detaljerte e-postar, for å diskutere korleis dei stadig tjukkare bøkene til Harstad skal få nederlandsk språkdrakt. Han vil ta med seg døme på desse e-postane til samtalen med Stevens, og vise dei fram for publikum.